Kristian Fardal Opseth er klar for BB Erzurumspor

DEL

Avisa Nordland skriv onsdag ettermiddag at Bodø/Glimt og tyrkiske BB Erzurumspor er einige om ein overgang for Kristian Fardal Opseth. Overgangen vart meldt på Bodø/Glimt sine nettsider.

Agent Daniel Steinfeld skriv på sin Instagram-profil at spissen har skrive under ein kontrakt på 2,5 år.

Opseth scora 10 mål i Eliteserien i fjorårets sesong, medan han i 2016/2017-sesongen knuste alle rekordar og vart toppscorar med 28 nettkjenningar.

Avisa Nordland: Glimt skal ha akseptert bod på Fardal Opseth frå tyrkisk klubb

Det har lenge vore kjent at mannen frå Kaupanger har vore nær ein overgang til tyrkisk fotball, og onsdag ettermiddag vart BB Erzurumspor og Bodø/Glimt einige om ein overgang for spissen.

– Bodø/Glimt takkar Fardal Opseth for tida i Bodø/Glimt. Han har representert klubben på ein meget god måte, både på bana og utanfor. Bodø/Glimt ønsker han lykke til vidare i ny klubb, skriv klubben på sine sider.

Artikkeltags