Vil ha fotballfritidsordning til Førde: – Over 100 foreldre har tatt kontakt på eit døgn

FFO: Bjørn Totland har fått god respons på spørsmålet om ei fotballfritidsordning i Førde.

FFO: Bjørn Totland har fått god respons på spørsmålet om ei fotballfritidsordning i Førde. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

FØRDE: Bjørn Totland var med å starte ei fotballfritidsordning i Eid. No har han stor tru på at dette kan lukkast i Førde og.

DEL

– Eg fekk utelukkande positive tilbakemeldingar frå ordninga på Nordfjordeid. Fleire foreldre der har tatt kontakt for å høyre om det ikkje blir noko meir, fortel Bjørn Totland om fotballfritidsordninga (FFO).

Tysdag vart det lagt ut ei spørjeundersøking for å høyre om det er interesse for dette i Førde.

– På eit døgn har vi fått tilbakemelding frå 135 foreldre som vil vere med på dette eller treng meir informasjon om det. Eg sende ut ei slik spørjeundersøking i Eid og der fekk eg 30 svar. Så eg trur dette har stort potensial her i Førde, fortel Totland.

LES OGSÅ: Fylkets første fotballfritidsordning.

FFO skal følge skuleåret og er for born som går i 2. til 7. klasse på barneskulen. Her skal dei få spele fotball og drive med andre aktivitetar etter skuletid.

– Vi har kjempegode fasilitetar her i Førde for at dette skal lukkast. Hafstadparken kjem til å bli hovudbase og så skal vi ha dialog med kommunen om Førdehuset når vêret ikkje held. Her skal få spele fotball og andre aktivitetar også. Vi vil forme eit tilbod som passar alle, derfor høyrer vi også om foreldre er interesserte i leksehjelp på ordninga, seier Førde-trenaren.

– Ungane skal bli sett

Bjørn Totland, som har god erfaring med ei fotballfritidsordning frå tidlegare, veit kva som må til for at barna skal ha det kjekt på denne ordninga.

– Målet er at ungane skal bli sett og få ei god meistringskjensle. Det som er så bra med denne ordninga, er at borna får spele fotball og drive aktivitet med andre som dei vanlegvis ikkje får gjort på alderslag. Her kan vi sette saman dei ivrigaste sjølv om dei er forskjellige i alder og kjønn, seier Totland.

Førde-fotballen jobbar no vidare med fotballfritidsordninga i ei arbeidsgruppe.

– Dei kjem til å få god kvalitetstrening og vi skal ha faglege kompetanse for å gjere det beste for ungane, fortel Bjørn Totland.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken