Sogndal med thrillerkamp mot Aalesund – tapte etter å ha leia kampen

DERBY: Sogndals Sixten Jensen (t.v.) i løpsduell med Aalesunds Jørgen Hatlehol i fjor.

DERBY: Sogndals Sixten Jensen (t.v.) i løpsduell med Aalesunds Jørgen Hatlehol i fjor. Foto:

Tok leiinga etter åtte minutt, men måtte sjå at Aalesund stal alle tre poenga.

DEL

Trass i at Sogndal opna kampen med ei tidleg scoring, og lenge heldt stand mot tabelleiar Aalesund, så skulle alle tre poenga reise med bortelaget laurdag.

Gjestene utlikna seks minutt ut i andre omgong, etter at Sogndal hadde halde buret reint fram til dette.

Deretter tok Aalesund meir og meir over, og noterte seg for to raske scoringar i det 71. og 84. minutt.

Akor Adams reduserte rett før slutt for Sogndal, men for seint. Det enda med 2–3-tap for Sogndal.

Eit fullstendig referat frå kampen kan du lese i vårt direktestudio.

Artikkeltags