Sogndal lånar ny spelar frå Strømsgodset

PÅ LÅN: Halldor Stenevik er ferskaste spelar inn dørene i Sogndal. Han kjem frå Strømsgodset på lån. Her saman med Eirik Bakke.

PÅ LÅN: Halldor Stenevik er ferskaste spelar inn dørene i Sogndal. Han kjem frå Strømsgodset på lån. Her saman med Eirik Bakke. Foto:

Halldor Stenevik er klar for Sogndal.

DEL

Sogndal har sikra seg midtbanespelar Halldor Østervold Stenevik på lån frå Strømsgodset. Frå før har Sogndal henta Andreas Hoven frå same klubb.

Det melder klubben på sine nettsider onsdag. Stenevik kjem gjennom Nasjonal utlånsordning, og lånet går ut sesongen 2019.

– Dette er ein spelar vi har følgt over tid, og ein vi kjenner godt frå tidlegare, seier sportsleg leiar Håvard Flo, til nettsida.

Fortid i Brann og Godset

Stenevik blir der skildra som ein rask, driblesterk og spennande midtbanespelar. Han starta i barndomsklubben Selbjørn IL, før han gjekk til Fyllingsdalen og deretter til Brann der han fekk sin første proffkontrakt som 16-åring. I tida i Brann var han også på lån til Nest-Sotra, for han gjekk til Strømsgodset før årets sesong.

Den ferske Sogndal-spelaren har også 46 aldersbestemte landskampar, og spelte EM for G19 i sommar.

Vil knive i toppen

Når han no har komme inn dørene på Fosshaugane, er håpet å få ein del speletid.

– Eg håpar eg kan bidra med å hjelpe laget slik at vi tar nok poeng til å vere med og knive i toppen av ligaen, seier han til Sogndalfotball.no.

Stenevik er ikkje einaste troppsendringa i Sogndal dei siste dagane. Dagen før vart det klart at årdølen Eirik Lereng har signert ei kontrakt ut 2021-sesongen.

Midtstopparen har teke steget opp frå Sogndal 2, men har allereie notert seg for tre OBOS-kampar.

Artikkeltags