Nysignering opna scoringskontoen for Sogndal

Andreas Hoven vart fredag signert som ny Sogndal-spelar fredag. Søndag scora han sitt første mål for nyeklubben.

DEL

Søndag kveld kom Akershus-laget Ull/Kisa til Fosshaugane, eit lag som Sogndal aldri har slått på heimebane i 1. divisjon (sidan 1991). Laga har møttest tre gonger i dette tidsrommet.

Søndag braut Sogndal denne statistikken med ein solid 3–0-siger, og den som opna scoringsballet var nysigneringa Andreas Hoven.

Fullstendig referat frå kampen kan du sjå her i vårt livestudio.

Sjå intervju med Hoven øvst i saka. Video: Kent Fimreite / Hallo Sogn

Under kan du også høyre intervju med Eirik Bakke om kampen. Video: Kent Fimreite / Hallo Sogn

Artikkeltags