Kan Sogndal følgje opp målfesten frå helga?

NY JUBEL? Sigurd Haugen kom ikkje på scoringslista førre kamp mot Tromsdalen, men er Sogndals toppscorar med ni mål. Kan han vere med å sikre ein ny siger for Sogndal på onsdag?

NY JUBEL? Sigurd Haugen kom ikkje på scoringslista førre kamp mot Tromsdalen, men er Sogndals toppscorar med ni mål. Kan han vere med å sikre ein ny siger for Sogndal på onsdag? Foto:

Møter Start på heimebane klokka 18.00 i kveld. Kampen kan du følgje live på Firda.no.

DEL

Haustsesongen i førstedivisjon har starta med eit svært tett kampprogram for Sogndal. Onsdag kveld skal dei gjennom den andre av totalt tre kampar på åtte dagar.

Då ventar Start klokka 18.00. Ein kamp som du kan følge live her på Firda.no.

Sogndal avslutta vårsesongen med eit surt 0–3-tap mot Kongsvinger 30. juni, men starta haustsesongen søndag med ein målfest på heimebane. Då slo dei tabelljumbo Tromsdalen heile 5–2.

Start blir nok ei vesentleg tøffare utfordring for heimelaget, då gjestane frå Kristiansand ligg på 4.-plass på tabellen, fem poeng framfor Sogndal på 9.-plass.

Artikkeltags