17 år gamle Ulrik blei utvist etter hands på streken, då vart Mathias helten

Her reddar Sogndals Mathias Dyngeland straffesparket frå Haugesunds Filip Kiss.

Her reddar Sogndals Mathias Dyngeland straffesparket frå Haugesunds Filip Kiss. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

FOTBALL: Ein fantastisk kamp av keeper Mathias Dyngeland sikra Sogndal sesongens første poeng på bortebane.

DEL

Sogndal vart spelt djupt i Haugesund, og alt tyda på at heimelaget skulle ta sigeren då Ulrik Fredriksen kasta seg fram og redda med handa på streken.

Den 17 år gamle debutanten på stopparplass for Sogndal vart utvist, og heimelaget skulle berre banke straffesparket i mål for å ta leiinga.

Det ville Sogndal-keeper Mathias Dyngeland annleis.

– Eg har studert han på førehand og hadde ei kjensle av at eg skulle redde. Så då tok eg den, seier Dyngeland til Eurosport like etter at kampen i Haugesund er slutt.

– Bra han gjorde det

Det enda med 0–0. Sogndal sitt første poeng på bortebane, og den første kampen utan baklengs i år.

– Det er den tyngste kampen eg har spelt som keeper trur eg. Det vart mykje å gjere. Men når vi får raudt kort og straffe mot, så er det ei sigerskjensle å sitje att med poeng, seier Dyngeland.

Ulrik Fredriksen tok ballen med handa og vart utvist då han redda på streken her.

Ulrik Fredriksen tok ballen med handa og vart utvist då han redda på streken her. Foto:

Han brukar og rosande ord om sin midtstoppar, Ulrik Fredriksen, som i debuten vart sendt tidleg i dusjen.

– Nokon vil kanskje seie at det er litt usportsleg, men han tok ein for laget. Akkurat i dag var det bra at han gjorde det, seier Dyngeland.

Skryten av den unge stopparen stilte Sogndal-trenar Eirik Bakke seg bak.

Banens beste før det raude

– Vi har ein 17-åring som kanskje er banens beste, fram til han tek ein for laget. Og eg må skryte av Mathias. Han har fått tyn i det siste, men er veldig bra i dag, seier Bakke til Eurosport.

Trenaren snakkar vidare varmt om innsatsen til spelarane, og at han er imponert over kor mykje arbeid dei la ned.

– Det var fantastisk i dag. Det er ein god gjeng som går ut og gjev alt. Eg er stolt over det. Dei ofra seg for drakta, då blir det poeng. I dag kjennest uavgjort som ein siger, seier Bakke.

I Haugesund-leiren var stemninga dårlegare.

– I dag trur eg vi måtte stått heilt på linja for å få mål. Vi hadde eit par som eg var heilt sikre på var i mål, men som ikkje blir dømt scoring på, seier Erik Huseklepp om kampen.

Artikkeltags