Sogndal vidare i NM-cupen

Sogndal spelar om ein plass i 4. runde i NM-cupen i kveld.

Sogndal spelar om ein plass i 4. runde i NM-cupen i kveld. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Hovland: - I dag var det ikkje Tippeliga-standard over spelet vårt.

DEL

Sogndal møtte i kveld førstedivisjonslaget Asker til kamp om vidare avansement i NM-cupen, ein kamp Som Sogndal til slutt gjekk sigrande ut av med 2-0.

Tøft i første omgang

Men vegen dit var lang og tøff, for gjestene frå førstedivisjon gav Sogndal solid motstand og hadde ved fleire høve i første omgang store sjansar til å detonere ei cupbombe på Fosshaugane.

Viktig scoring

Ein tydeleg misnøgd Harald Aabrekk pressa laget sit framover etter pause, men Sogndal var ineffektive og fekk ikkje hol på byllen før etter 65 minutt, då Ole Jørgen Halvorsen kunne sette Sogningane i leiinga med 1-0.

Han kunne difor juble for sin tredje scoring på like mange cuprundar.

- Min tur å vere heldig

- Eg prøvde å skyte lågt, og i dag var det min tur å vere heldig, seier Halvorsen etter kampen.

25 minutt seinare, var midtbanespelaren igjen involvert, då som servitør til Mats Solheim som kunne punktere kampen med 2-0.

Dårleg kamp av Sogndal

Og sigeren til trass, var det mykje Even Hovland var misnøgd med etter kampen.

- Dette var ein dårleg kamp frå oss. I dag var vi heldige som ikkje slepte inn mål i dei første minutta, seier Hovland, som likevel er glad for at laget tok seg vidare til 4. runde.

- I dag var det ikkje Tippeliga-standard over spelet vårt. Vi må opp mange hakk om det skal bli tre poeng mot Vålerenga i helga. Dei er naturlige favorittar, seier kapteinen vidare.

Skuffa Asker-trenar

Asker-trenar Gaute Larsen var også skuffa etter kampen. Han såg spelarane sine skake Sogndal stort i første omgang, og var nære å få både eit og fleire mål.

- Eg kjende vi hadde god kontroll i første omgang, og hadde to kjempesjansar til å score. I andre omgang får dei 1-0, og vi satsar etter kvart meir framover og legg om til tre spelarar bak. Då får Sogndal 2-0, og kampen er slutt. Men Sogndal imponerte meg ikkje i dag, seier Larsen.

Jølstring møtte Solskjær

I tillegg til Sogndal sin kamp i 3. runde, møtte 2.divisjonsklubben Tiller med jølstringen Ole Johan Skrede Molde onsdag kveld. Den kampen enda til slutt med 7-1-tap. Referat frå kampen kan du lese på Firda si liveteneste.

Artikkeltags