Slutt for Saga

Øystein Halbrendt og Saga stiller ikkje til start under årets fotballsesong.

Øystein Halbrendt og Saga stiller ikkje til start under årets fotballsesong. Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Maktar ikkje å sikre seg nok spelarar til å gjennomføre sesongen.

DEL

Førdeklubben Saga valde å kaste inn handkledet før årets sesong då dei ikkje har makta å sikre seg nok spelarar til å gjennomføre sesongen i 4. divisjon. Klubben valde også å trekkje laget våren 2005, og stilte då i 6. divisjon. Men no er det slutt for Saga.

– Dette er sjølvsagt trist for fotballfamilien i fylket. Saga har bidrege positivt i mange år, men denne gongen kjem avslaget i seinaste laget. Og når det er berre fem dagar til første offisielle kamp, så meiner eg at avgjerda er useriøs, seier Robert Endestad. For allereie førstkomande søndag skulle Saga ha møtt Florø på bortebane i NM-cupen.

Nei frå Veitastrond

Leiaren i fotballkrinsen samla styremedlemmene til å avgjere kva dei skal gjere vidare, og gav onsdag morgon tilbod om ny plass i 4. divisjon til Veitastrond.

– Veitastrond er den klubben som var best plassert av nedrykkslaga i fjor haust, og det var difor naturleg å gje den opne plassen etter Saga til dei. Men dei var rimeleg klare på si avgjerd og takka umiddelbart nei, seier Robert Endestad og viser til at neste tilbod om plass difor gjekk til sunnfjordklubben Dale.

– Det var naturleg at Dale som også måtte ta vegen ned i 2012, fekk tilbodet. Dei har fått frist på seg til torsdag for å ta ei avgjerd. Så no håpar eg berre at dei tek mot plassen, seier Endestad.

Kanskje berre 11

Samstundes er Endestad og fotballkrinsen klar på at ingen andre klubbar vil få tilbod om plass i 4. divisjon viss ikkje Dale takkar ja.

– No må vi få på plass serien. Dommar- og kampoppsettet er klart, og vi må ha fokus på sesongstarten. Og vi kjem ikkje til å gå lenger ned på lista enn til?Dale. Så seier dei nei på torsdag, så vert det i tilfelle 11 lag i årets 4. divisjon. Og skulle Dale takke ja, så kjem dei inn som Saga sin erstattar, seier Endestad og viser til at klubben då overtek Førde-laget sin plass i terminlista.

Artikkeltags