Sendte Sogndal til Tippeligaen

Tommy Øren kunne juble etter å ha sikra nok eit opprykk for Sogndal, då han fastslo resultatet til 2-0 mot hovudrival Fredrikstad.

Tommy Øren kunne juble etter å ha sikra nok eit opprykk for Sogndal, då han fastslo resultatet til 2-0 mot hovudrival Fredrikstad. Foto:

Artikkelen er over 8 år gammel

Tommy Øren avgjorde kvalifiseringskampen mot Vålerenga i år 2000. I kveldens seriefinale mot Fredrikstad hadde han også ein finger med i spelet.

DEL

For i snødrevet på Fosshaugane skulle Øren gjenta bragda frå ti år tidlegare.

Berre åtte minutt etter at Ulrik Flo snudde ein jamn kamp i sogndal sin favør, med eit glimrande solo-raid gjennom Fredrikstadforsvaret, og ein knallhard utsideavslutning i høgre hjørne, var det Øren som skulle sette ein real støkk i hovudrivalen Fredrikstad.

Årdølen tok ned ein glitrande langpasning frå Even Hovland, venda av markøren sin og sette ballen iskaldt i mål, ein scoring som punkterte kampen og fastsette opprykket for Sogndal.

Heilt ubeskriveleg
- Dette er heilt ubeskriveleg. Det er dette vi har drøymt om i heile år. Det er kjekt for meg, kjekt for laget, trenaren, bygda og heile fylket, seier målscoraren etter kampen.

At sigeren som avgjorde det heile kom på heimebane mot Fredrikstad, omtalar Årdølen som eit drøymescenario.

- Det er ikkje mange ord som kan beskrive dette. Det betyr alt for Sogndal. Det er dette alle lag drøymer om, og vi har mange unge som har eit ønskje om å spele i Tippeligaen som no får sjansen, seier Øren.

Viktig å avgjere
Kampens andre målscorar, Per Egil Flo var også strålande nøgd etter kampen.

- Heilt ubeskriveleg herleg. Det er det beste eg har opplevd, seier Flo.

At dei fekk denne sigeren og kunne avgjere før sesongslutt meiner han var svært viktig.

- Vi hadde trua på førehand. Det var utruleg viktig at laget ikkje tapte i kveld, seier han.

Berre glede
Då dei to målscorarane sette sine to scoringar i Fredrikstad-buret, var Harald Aabrekk iskald og ofra ikkje ei mine.

Etter kampen var han langt frå like roleg.

- No kjenner eg berre glede. Vi hadde press på oss på førehand, men vi leverte, seier ein rørt Aabrekk.

Etter kampen kunne han og dei 2614 frammøtte tilskodarane sjå fyrverkeriet på Fosshaugane markere at det no ikkje er nokon lag som kan ta att Sogndal.

Dermed ventar Tippeligaspel til neste år på laget frå saftbygda.

Klikk her for å lese eit fullstendig referat frå kampen.

Artikkeltags