Rett ned i sumpa

Ulrik Flo meiner situasjonen byrjar å bli alvorleg for Sogndal, etter å ha gitt frå seg leiinga, og tapt 2-1 mot VIF.

Ulrik Flo meiner situasjonen byrjar å bli alvorleg for Sogndal, etter å ha gitt frå seg leiinga, og tapt 2-1 mot VIF. Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Dette bør vi avgjere.

DEL

Sogndal tapte 2-1 mot Vålerenga på Ullevaal stadion søndag kveld, men fleire av spelarane understrekar etter oppgjeret at dette var ein kamp som Sogndal kunne ha vunne.

– Vi må vere meir effektive enn dette, og vi må sette slike sjansar som vi hadde tidleg i kampen. For hadde vi gått opp til 2-0 etter ein halvtime, så kunne heile oppgjeret vore annleis, seier stryningen og siktar til fleire store målsjansar som ikkje gav utteljing.

– Og no ser det alvorleg ut, seier Flo og ser tabellsituasjonen ha blitt forverra etter at FK Haugesund slo Sandnes Ulf 2-0.

Kveldens kamp kunne du følgje frå 18.00 på Firda-liven.

Tynt på bortebane

For faktum er at Sogndal på dei seks av sju siste bortekampane har gått poenglause av bana, og har begredelege 1-3-9 i bortebane-statistikken hittil i år.

– Med tanke på at vi leverer ein god bortekamp, så er det frustrerande at vi ikkje får poeng, seier assistentrenar Terje Skjeldestad etter tapet på landskamparenaen.

Tøft program

Og hovudtrenar Jonas Olsson nektar også å gje opp alle håp.

– Vi har framleis sjansen, og må ikkje tenke nedrykk. Og det var sjølvsagt ikkje bra at vi ikkje leia denne kampen til pause. Det hadde vi fortent, seier Olsson og siktar til at Tim André Nilsen misbrukte eit par store målsjansar.

Men samstundes var det Nilsen som scora Sogndal sitt mål tidleg i oppgjeret, medan midtstoppar Hannu Patronen vart dagens ulykkesfugl med å lage sjølvmål tidleg i 2. omgang.

– No har vi fire kampar igjen, og først er det Sandnes Ulf på bortebane. Deretter har vi Molde (heime), Brann (borte) og Stabæk (heime). Og vi veit kva som må til, seier Olsson etter laget sitt fjortande tap i årets Tippeliga.

Artikkeltags