Ødegaard klar for Førde

Alexander Ødegaard er tilbake i Førde - der  han starta karrieren. Her saman med trenarane Torbjørn Glomnes og Knut Erik Folland.

Alexander Ødegaard er tilbake i Førde - der han starta karrieren. Her saman med trenarane Torbjørn Glomnes og Knut Erik Folland. Foto:

Artikkelen er over 6 år gammel

Frå proffliv i Metz til moderklubben i 3. divisjon.

DEL

Tysdag ettermiddag vart Alexander Ødegaard (31) ny Førde-spelar. Han har signert kontrakt for 2 ½ år, og klubbleiinga håpar han kan vere speleklar allereie til heimekampen på Førde stadion mot Vik neste laurdag.

Tre baner

- Vi kan vel ikkje leggje skjul på at vi er svært glade for at Alexander Ødegaard allereie no vender tilbake til moderklubben. Gjennom si fotball-karriere har han bidrege svært mykje økonomisk for Førde, og dei tre grendabanene på Haugum, Halbrend og Slåtten, er alle eit direkte resultat av hans klubb-overgangar, seier Odd Hagen medan kantspelaren signerer kontrakten med Førde.

LIVE-studio: Følg Førde - Saga DIREKTE!

- No står berre formalitetar igjen mellom det franske og det norske fotballforbundet. Men Alexander Ødegaarrd er fristilt frå sin franske klubb, Metz, og difor bør det vere realistisk at han skal vere speleklar til Vik-kampen 11. august, seier dagleg leiar i Førde-fotballen, Jo Inge Gåsvær.

Ikkje Sogndal

Les også: Ødegaard vil tilbake

Og etter å ha spelt i klubbane Sogndal, Rosenborg, Viking og Metz er Ødegaard sjølv svært glad for at han kan bidra på sin måte til at moderklubben Førde kan nå sine sportslege mål.

- Eg har ikkje lagt skjul på at eg framleis har ambisjonar som fotballspelar. Og så lenge Sogndal ikkje har signalisert meir interesse i det siste, var det viktig for meg å få klarheit i kva eg skal gjere framover. Difor signerer eg no for Førde, seier Ødegaard og håpar laget sin tabell-situasjon ikkje bør bli endra med han på laget.

- Nei, målet er opprykk til 2. divisjon i haust, og tabellsituasjonen ser god ut med tanke på opprykk. Og kan eg bidra til at moderklubben min kan stabilisere seg i 2. divisjon, så hadde det vore veldig kjekt, seier Ødegaard.

Les meir om overgangen til Ødegaard i papirutgåva onsdag.

Artikkeltags