Minst 3500 følgde Åskollen-Førde på firda.no

DIREKTE PÅ NETT: Fotball live-tenesta i fortløpande oppdatert tekst og grafikk er tigjengeleg både på mobil.firda.no og på firda.no.

DIREKTE PÅ NETT: Fotball live-tenesta i fortløpande oppdatert tekst og grafikk er tigjengeleg både på mobil.firda.no og på firda.no. Foto:

Av
Artikkelen er over 9 år gammel
DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

– Dette er ny rekord når det gjeld Firdaligaen, seier nettansvarleg ved firda.no, Arild Nybø.

– Vi hadde 3465 unike brukarar, det vil seie ulike datamaskiner, på live-referatet frå den avgjerande returkampen til Førde mot Åskollen. Grovt rekna betyr det at 3500 til 5000 personar følgde kampen via PC, om vi føreset at det sat to eller fleire personar kring nokre av datamaskinene. I tillegg var det mange som fekk med seg kampen på mobiltelefonen, via mobil.firda.no.

Sjå live-referatet frå Åskollen-Førde


Nytt av året
Det er nytt for denne sesongen at firda.no formidlar kampane i 3. divisjon, Firdaligaen, på nettet. Nybø vonar at det blir høve til slik oveføring også neste år. Tenesta gjev også mykje spennande statistikk, og brukarane kan sjølve velje i eit vell av oversikter over korleis kampane hjar gått, korleis laga og dei enkelte spelarane har gjort det.

– Men det vert mykje god fotball på live-tenesta også frametter. Til dømes skal Sogndal spele borte mot Hødd klokka 13 på laurdag. Og alt i kveld (tysdag) klokka 20.45 kan du følgje Premier League-kampen mellom Newcastle United og West Bromwich.


Sjå LIVE-tenesta på firda.no

Artikkeltags