Måtte stoppe kampen

Kampen mellom TMFK og Larsnes/Gursekn vart stoppa i 30 minutt grunna skade på keeper.

Kampen mellom TMFK og Larsnes/Gursekn vart stoppa i 30 minutt grunna skade på keeper. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Tok ikkje sjansen på å fjerne spelar.

DEL

3. divisjonskampenkampen mellom Tornado Måløy og Larsnes/Gursken på Refvika var berre 15 minutt gammal, då spelet vart stoppa grunna ein skade på ein spelar. Keeperen på sunnmørslaget vart nemleg liggjande etter eit samanstøyt med ein medspelar, og hjelpemannskapet på staden tok ingen sjansar med å flytte han då dei frykta det var ein ryggskade.

Alle detaljane frå oppgjeret mellom Tornado Måløy og Larsnes/Gursken kan du lese i Firda-liven.

Går bra

– Hjelpemannskapa tok ikkje sjansen å flytte målvakta før ambulanse-personellet kom på stadion, seier Jon Georg Rutledal i arrangørklubben TMFK og såg at ambulansen kom til Refvika etter ein knapp halvtime.

– Kampen blir difor ein god halvtime utsett, og det ser heldigvis ut til å gå heilt greitt med keeperen etter at ambulansepersonellet har sjekka han ut, seier Rutledal og såg at keeperen vart flytta inn i garderobebygget på Refvika.

Artikkeltags