Gå til sidens hovedinnhold

Kven skal spele mot Drillos?

Artikkelen er over 12 år gammel

Du avgjer kven som skal få møte VM-heltane frå 1998.

98-laget til Drillo kjem til Skei 6. september. Kven som får sjansen til å spele mot dei berømte heltane er det du som bestemmer.

Firda lanserer 41 kandidatar som kan få sjansen til å spele mot same laget som vann 2-1 over Brasil på Stade Velodrome i Marseille i 1998.

Stig Nord er lagleiar for det samansette laget frå Sogn og Fjordane.

– Det blir ei stor oppleving for spelarane som blir tekne ut. Her er det gode moglegheiter for å vise seg fram, meiner han og siktar mellom anna til Kjetil Rekdal, Ståle Solbakken, Henning Berg og Jostein Flo som alle sit i høge posisjonar i sine klubbar.

Du kan stemme på kandidatar i posisjonane keeper, forsvar, midtbane og angrep og gje ei stemme i kvar lagdel.

Avstemminga finn du til høgre og nedover i denne saka.