Kunne sprette sjampanje
Tambarskjelvar vart søndag klar for eit historisk opprykk til fjerde divisjon.
Klubben har aldri vore på eit så høgt nivå i seriesystemet i fotball tidlegare.
- Dette er veldig moro, og utruleg stort, seier Tambarskjelvar-trenar Jan Magne Langedal etter 10-3-sigeren mot Tornado Måløy 2 på Naustdal stadion i dag.
Spratt sjampanjen
Sjølv om sluttsiffera minna meir om eit bandy-resultat enn ein fotballkamp - la det ingen dempar på jubelen.
Og like etter kampslutt spratt spelarar og trenarar sjampanjen.
- Dette har vi fortent, seier Langedal.
Han legg ikkje skjul på at resultatet er mykje betre enn forventa, men at klubben heldt eit høgare nivå enn kva dei trudde.
- Vi byrja sesongen med ambisjon om å berge plassen i divisjonen. Men vi såg tidleg at vi heldt nivået til dei andre laga, så etter kampen mot Eikefjord bestemte vi oss for å prøve å vere med i opprykkskampen. Det gjekk, seier Langedal og gliser.
Storscorar
Og for å nå den nye målsettinga, opprykk, henta klubben i sommar inn forsterkingar. Då i form av spissen Vegard Savland. Han kom frå 3. divisjonsklubben Tertnes, og tok nivået med storm.
På 7 kampar har han notert seg for 14 scroingar, og krona det heile med eit hat-trick mot Tornado Måløy 2.
- Det har vore veldig moro å komme tilbake her, og det er stort at vi no er klare for opprykk, seier Savland.
Kommentarer til denne saken