Florøpatriotar i eksil, dundrar fram dei svarte og blå

HISIA: Vokalist André Nygård t.v. og gitaristen Ørjan Kvalvik har laga supporterlåt til Florø Fotball.

HISIA: Vokalist André Nygård t.v. og gitaristen Ørjan Kvalvik har laga supporterlåt til Florø Fotball.

Av

Høyr «Måk på - FSK!» i saka

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Florøpatriotismen gror på «feil» side av vasskille. No har eksilflorøværingar laga supporterrock det luktar svidd av.

Det skriv Firdaposten.

Ørjan Kvalvik og André Nygård sat i Loco studios i Oslo og følgde Florø Fotball sin opprykkskamp mot Nest-Sotra 15. oktober på nettet. Dei jobba med supporterlåten «Måk på – FSK!» og lurte på om den skulle spelast i 2. divisjon eller i Obosligaen. Då opprykket var klart, var det ein gira og imponert duo som fekk med entusiasmen sin på opptaket etter bragda på Florø stadion.

Litt røffare

Det er med røff gitarbasert rock eksilflorøværingane måkar på.

– Det var litt for moroskyld at vi ville finne på noko. Musikken laga eg faktisk sist eg besøkte foreldra mine på Digreneset i Florø. Det var ein AC/DC-likande låt eg meinte kunne funke. André skreiv tekst og så har vi arrangert det saman. All honnør til gutta for bragda, seier patrioten Kvalvik.

Energi til steget vidare

Nygård håper dei no skal ta steget vidare.  

– Dette er vårt vesle bidrag til reisa vidare mot Tippeligaen.

Meg og Ørjan har kalla bandprosjektet for Hisia sida vi til dagleg er på hi sia av fjellet, samtidig går tankane ofte til Florø. Vi håper FSK og folket liker låten og at den kan bidra i positiv retning. Så frå Hisia: God Jul og Måk på FSK! avsluttar han. 

  • Her kan du høyre låten: 

Artikkeltags