Kan snappe toppscorartrona

UTFORDRAR: Preben Strypet (t.h.) har scora flittig, og kan no bli toppscorar i den lokale 3. divisjon. Her i duell med Førdes Are Gunnar Korsvoll.

UTFORDRAR: Preben Strypet (t.h.) har scora flittig, og kan no bli toppscorar i den lokale 3. divisjon. Her i duell med Førdes Are Gunnar Korsvoll. Foto:

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

"Alle" trudde kampen om toppscorartittelen stod mellom Steinar og Asbjørn Tenden. Men ikkje Preben Strypet...

DEL

Preben Strypet scora nemleg hattrick for Årdal i 7-1-sigeren over Høyang i 3. divisjon.

Samstundes scora Steinar Tenden "berre" to mål i Førdes 6-1-siger over Eid.

Det er nok til at Preben Strypet plutseleg er ein heit kandidat til å bli toppscorar i Firdaligaen denne sesongen. Den einaste som kan hindre det, er Stryn-spiss og bror av Steinar - nemleg Asbjørn Tenden.

Stryn spelar først i morgon. Då ventar Selje på bortebane. Spissen må score eitt mål for å komme à jour med Strypet - to for å sikre seg toppscorartittelen åleine.

Slik gjekk det i laurdagens kampar i den siste serierunden i 3. divisjon:

Florø - Fjøra 0-5

Førde - Eid 6-1

Høyang - Årdal 1-7

Tornado Måløy - Kaupanger 5-0

Sjekk kampfakta og kamputvikling i vårt LIVE-system.

Søndag spelar Selje - Stryn og Skavøypoll - Sogndal 2.

Det vert då avgjort kven av Selje og Skavøypoll som blir sist på tabellen og uansett må ned i 4. divisjon.

Artikkeltags