– Kan bli ny operasjon

Øystein Myrkaskog måtte ut med skade etter å ha blitt takla kraftig to gonger mot Lyn.

Øystein Myrkaskog måtte ut med skade etter å ha blitt takla kraftig to gonger mot Lyn. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Det gjekk eit gisp gjennom publikum då Førde sin spiss, Øystein Myrkaskog, to gonger måtte ta teljing i oppgjeret mot Lyn søndag kveld. Han har akkurat komme tilbake etter langvarig leddband-skade, og etter den andre taklinga, frykta mange at det skada kneet hadde på ny hadde fått gjennomgå.

- Han vart operert på yttersida av kneet etter skaden i april, men denne gongen er det tydeleg at det er ein skade anten på innsida eller i sjølve kneet. Og det er det same kneet som sist, seier Førde sin fysioterapeut, Geir Øveraas til Firda etter episoden tidleg i oppgjeret.

Kampen mellom Førde og Lyn kunne du følgje minutt for minutt i Firda-liven.

Til sjukehus

Myrkaskog vart sendt direkte til sjukeuset, men etter kampslutt var vikjen på plass på Førde stadion for å gratulere lagkameratane med 3-2-sigeren.

- Men korleis gjekk det med deg. Har dei fått påvist kva skade det var?

- Nei, dei sjekka kneet mitt på sjukehuset, men tok ikkje bilde av kneet. Så dei trudde visstnok ikkje at det var noko alvorleg, seier Myrkaskog før Geir Øveraas ber spissen bli med inn i garderoben for å få sjekka kneet grundig.

- Vi får komme tilbake med meir informasjon seinare, seier Øveraas.

Førde vann oppgjeret 3-2 og klatra dermed opp på femteplass på tabellen. Målscorar for Førde var Daniel Kvalvågnes, Eirik Lund Holm og Alexander Ødegaard.

Detaljane i oppgjeret Førde og Lyn kunne du følgje minutt for minutt i Firda-liven.

Artikkeltags