Gå til sidens hovedinnhold

Ingen veit kor pokalen er

Artikkelen er over 12 år gammel

... Og den var den einaste i klubbens historie!

- Eg har ikkje sett pokalen sidan vi fekk han. Eg anar ikkje kor den er, seier Emil Heggestad.

Han er trenar for Veitastrond sitt fotballag i 4. divisjon, og siktar til premien klubben fekk etter å ha vunne KM i 5. divisjon sist haust. Pokalen er no sporlaust forsvunne.

Har vore borte i eit halvt år

I oktober i fjor vann Veitastrond 5-3 mot Førde 3 i KM-finalen. Det synlege beviset på tittelen var ein pokal frå fotballkrinsen.

Den ferske klubben vart stifta så seint som i 2004, og pokalen var klubbens første.

Den var også den første for dei fleste av spelarane på laget.

Kurt sin første pokal

- Eg fekk aldri sett han, ettersom eg ikkje spelte finalen, seier Kurt Heggestad.

Den tidlegare Sogndal-spelaren tenkjer seg om, men kan ikkje hugse å ha vunne ein annan pokal gjennom den lange og innhaldsrike karriera si.

No håpar han sølvtøyet finn vegen tilbake til Veitastrond.

Har ulike teoriar

- Nokre av spelarane meiner at pokalen vart sett igjen i Fjærland-bommen, då vi passerte der. Men der har dei ikkje sett han, seier Emil Heggestad.

- Det er reine parodien, kan du seie, ler han.

- Kanskje de feira vel hardt etter sigeren...

- Nei, vi gjorde ikkje det heller. Kanskje det er nokon som spelar oss eit puss, spekulerer trenaren.

Har klatra fort

Etter at Veitastrond spelte sin første kamp i 6. divisjon i 2004, har laget frå den vesle bygda med om lag 100 innbyggjarar teke vegen oppover i divisjonssystemet. 2008 var den første sesongen i 5. divisjon, laget sigla gjennom - og no spelar sogningane i 4. divisjon.

- Vi har ambisjonar om å liggje litt opp på tabellen. Men då må innsats og duellvilje liggje i botnen, seier Emil Heggestad.

Han veit at det kan bli i tøffaste laget å ta ein ny pokal i år. Trenaren håpar difor på tips i forsvinningssaka.