Siri (20) skal bli fotballtrenar. – Mange kvinner kvir seg på å entre eit så mannsdominert miljø

PÅ VEG: Nesheim tok i sommar første skrittet mot å bli profesjonell fotballtrenar.

PÅ VEG: Nesheim tok i sommar første skrittet mot å bli profesjonell fotballtrenar. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FØRDE:Siri Nesheim (20) meiner fotballkrinsane må bli betre på å oppfordre kvinner til å bli trenarar.

DEL

– Eg har alltid vore fan av å gjere ting som ikkje alle andre gjer.

Det seier Siri Nesheim (20), som held på å utdanne seg til å bli fotballtrenar. For tida jobbar ho som personleg trenar på Puls i Førde.

– Personleg trenar er veldig generelt, derfor valte eg å gjere det først. Akkurat no held eg på å spisse meg inn mot å bli fotballtrenar, og grasrottrenar-utdanninga er det første steget ditt. Deretter satsar eg på å gjennomføre UEFA B-lisens, slik at eg er kvalifisert til å jobbe som trenar på eit høgare nivå.

Hofteskade sette stoppar for spelinga

Etter ein hofteskade blei Nesheim meir engasjert i trenarrolla. Til hausten skal ho byrje å trene J2005 for Førde IL.

– Eg har spelt fotball i 12 år sjølv, men det blei mindre speling etter skaden. Eg hadde likevel lyst til å fortsette å vere engasjert i miljøet, og då blei det naturleg å prøve seg som trenar. No har eg jobba som trenar i 5 år.

Det er langt fleire mannlege trenarar enn kvinnelege i Noreg. Nesheim syns det er synd.

– Det er jo heilt tydeleg at det ikkje er eit fleirtal av damer som er trenarar. Eg trur mange ville meldt seg viss dei fekk tilbodet, men dei tør kanskje ikkje, i frykt for eit sterkt mannsdominert miljø. Det er sjølvforsterkande.

Rosar den lokale kretsen

Nesheim rosar fotballkretsen i Sogn og Fjordane, som i vår gjennomførte eit aktivt tiltak for å oppmuntre fleire kvinner til å forfølge trenarrolla.

– I april var det eit eige trenarkurs i Stryn, berre for kvinner. Eg trur det er ein god start for mange som ikkje har sjølvtillit til å reise på andre kurs, der dei veit at dei møter flest menn. Kanskje blir det enklare å melde seg på eit vanleg kurs neste gong, for dei som har gjort dette først.

Nesheim syns også det er problematisk at det ikkje er nokre kvinner som trenar profesjonelle herrelag. Ho føler at problemstillinga NRK-serien Heimebane har tatt opp, er veldig viktig.

– Sjølv hadde eg nok følt ein del meir press om eg hadde trent eit herrelag enn eit kvinnelag. Med menn hadde eg nok hatt ein litt tøffare front enn med kvinner. Det er dumt at det skal vere slik, og eg meiner det er eit mål å bryte ned den barrieren.

Nesheim sitt største forbilde er trenar Monica Knudsen, også kjend som «real life"-versjonen av Helena frå Heimebane.

– Ho er ei rå dame, som har fått til mykje, og det syns eg er veldig inspirerande. I Noreg trur eg ho er den kvinna som er nærast å trene eit herrelag.

Artikkeltags