Dersom Åskollen vinn kvaliken til 2. divisjon mot Førde, blir det likevel ikkje noko opprykk for klubben. Dei overlet då etter alt å dømme heller plassen til samarbeids- og satsingsprosjektet Drammen Fotballklubb.
– Åskollen vurderer fusjon med ein annan klubb, og dette skal utgjere ryggraden i eit utstrakt samarbeid, seier Richard Hagel til Drammens Tidende.
Viktig å slå Førde
Også Åssiden, Konnerud, Skiold, Drammens Ballklubb, Drafn, Glassverket og Drammen Fotballklubb er aktuelle i samarbeidet.
Og eit viktig moment i prosjektet er at Åskollen slår Førde i kvaliken.
– Dette blir ein realitet uansett, men vi får ein heilt annan «flying start» viss Åskollen rykkjer opp, seier Jens Christoffersen i Konnerud til avisa.
Avtalen skal tysdag handsamast på ekstraordinær generalforsamling i Åskollen.