Gå til sidens hovedinnhold

Har 0 poeng og 4-293 i målskilnad – no får dei fair-play-pris

Artikkelen er over 8 år gammel

Når bør ein begynne med topping av lag? Kom med din kommentar under saken

Jentelaget til Svelgen har til fulle fått oppleve at årets sesong har vore vanskeleg. Dei har tapt alle kampane sine, og har fått oppleve at ikkje alle motstandarklubbane er like opptekne av fair play som det dei sjølve har hatt fokus på.

– Eg er imponert over viljen desse jentespelarane har vist. Dei har møtt på treningane sjølv om vi har opplevd store tap. Og dei har vore like motiverte kvar einaste gong, seier Kristine Sande som har trent laget i fem år.

Kortsiktig mål

Men sjølv om stå-på-viljen og humøret har vore god hos jentene, så ropar trenaren eit varsku med tanke på kva som skjer i ungdomsfotballen i fylket.

– Vi har opplevd klubbar som har hatt ein veldig kortsiktig tankegang, og kor kampresultatet er det viktigaste. Og når dei jublar like mykje for det 36. målet som for det første, då er det noko som er gale. Riv ruskande gale, seier Sande og har opplevd at laget hennar har tap som 0-38, 0-27, 0–22 og 1–22.

– Og det som har uroa oss spesielt er at vi har møtt klubbar som har hatt dispensasjon til å bruke spelarar som er både eitt og to år eldre. Og i staden for å «hente opp» yngre spelarar har desse overårige fått lov til «herje» mot våre spelarar, seier Sande og vil ikkje namngje klubbar som har utmerkt seg negativt.

Ein ekstra innpå

– I dette tilfellet handlar det ikkje om desse konkrete klubbane. Men det handlar om prinsipp og fair play. Kvifor kan ikkje fotballkrinsen opne opp for at det er mogleg å setje innpå ekstra spelarar i ungdomsfotballen? Målet må jo vere at vi ikkje skal oppleve slike fotballresultat, seier Sande, som også opplevde eit døme i haust at ein dommar spurde motstandarlaget på stillinga 0–20 om ikkje Svelgen kunne få sette innpå ein ekstra spelar. Då var svaret berre: «Nei, vi må tenke på målskilnaden vår». Slikt er hårreisande, seier Sande.

Difor er ho stolt over at hennar spelarar no får fair play-prisen for september.

– Det er utruleg kjekt, og er velfortent. Og det som imponerer meg er at dei har fullført sesongen, sjølv om resultata ikkje har vore lystelege. Tidlegare år har vi opplevd sigrar og jamne kampar, men i år har det vore heilt forferdeleg, seier Sande.

Ikkje lag neste år

Sande ser at med tanke på neste sesong, så vil ikkje Svelgen stille med jentelag.

– Fleire av våre spelarar skal ta til på vidaregåande skule til neste haust, og då er det sikkert ikkje aktuelt å melde på lag. Og det er klart at opplevingane dei har hatt i år, ikkje har gjort dei meir motiverte heller til å gå på ein ny sesong. Men når det er sagt, så trur eg desse jentene har opplevd meir samhald og godt humør enn mange av dei motstandarklubbane som berre har hatt eit kortsiktig sportsleg resultat som målet, seier Sande og legg til:

– Så dette har vore ein heilt ekstrem sesong for vår del. Og eg trudde ikkje det var mogleg å oppleve slike fotballresultat. Og slikt er garantert ikkje med på å bygge sjølvtillit, seier Kristine Sande.

Kommentarer til denne saken