Gå til sidens hovedinnhold

Førde høvla over topplaget Mandalskameratene

Artikkelen er over 10 år gammel

- Det blir ein tøff kamp, spådde MK-trenar Jan Sanden før avspark. Ingen kunne då ane kor utruleg rett han skulle få.

Førde slo Mandalskameratene heile 6-0 i laurdagens heimekamp i den 18. serierunden i Fair-Play ligaen avd. 3. Målscorarar for heimelaget var Thor Jørgen Spurkeland (2), Eirik Fraas (2), tidlegare MK-spelar Ole Marius Gundersen og Bernt Norevik.

STIGANDE FORMKURVE

Etter det forsmedelege 2-3 tapet heime mot Vindbjart for to veker sidan, følgd opp av ein råsterk bortesiger mot Flekkerøy i Kristiansand førre helg, var det Mandalskameratene som i dag venta på motsett halvdel på Førde stadion.

Etter denne sigeren ligg Førde framleis nest sist som nummer 13 på tabellen, men avstanden til laga over er innskrenka betraktelig. Nærast ligg neste helgs motstandar Viking 2, med eitt poeng meir enn Førde sine 19.

Verd å merke seg kan det òg vere at Førde etter dagens trepoengar ikkje treng meir enn tre nye poeng for å nå opp til 7. plasserte Nest-Sotra, midt på tabellen.

SVEKKA BORTELAG

Sørlendingane frå Mandal har etablert seg i tabelltoppen takka vere gode prestasjonar i vårsesongen, men har dei siste fire serierundane gått på stortap i runde etter runde.

Skadesituasjonen og nylege spelarsal gjorde òg til at 6-7 spelarar frå den vanlege MK-troppen ikkje var med laget nordover, og heile tre spelarar fekk sin seriedebut for grøntrøyene nettopp på Førde stadion.

- Vi har hatt mykje nedtur og mykje ommøblering på laget i det siste, og forventar ein tøff kamp i Førde, sa MK-trenar Jan Sanden til lokalavisa Lindesnes Avis før kampstart.

FEKK ROM PÅ HØGREKANTEN

Førde sitt scoringsball opna nøyaktig fjorten minutt etter første spark på ballen, då Thor Jørgen Spurkeland vinn ballen i duell med ein MK-Spelar like utanfor 16-meteren. 23-åringen er skråsikker då han kjem aleine med keeper, og set inn 1-0 til vertane.

20 minutt seinare er det rutinerte Thor Erik Nygård som gjer eit løp langs høgrekanten, slår perfekt inn i feltet, kor ein av Førde sine beste, Eirik Fraas, sklir inn 2-0 bak MK-keeper Kristiansen.

Like etter pause var heimelaget igjen frampå langs høgresida, kampens store profil Thor Jørgen Spurkeland drar av ein motspelar, og slår ein nærare 40 meter lang lissepasning til Eirik Fraas, som bryt ut i ekstase då han set inn sitt andre, og Førde sitt tredje for dagen.

SOM PERLER PÅ EI SNOR

Berre tre minutt seinare gjer Thor Jørgen Spurkeland seg også til 2-målsscorar, då han etter at Thor Erik Nygård skaffa straffespark, set ballen iskaldt i motsett hjørne for keeper.

Førde sin midtbanemotor Ole Marius Gundersen, som tidlegare har spelt 1. divisjonsfotball i MK-drakta, stod for kampens kanskje mest minneverdige øyeblikk, då han i det 54. minutt brann til på heilvolley, og ekspederte innlegget frå Christoffer Hafsås vakkert i lengste kryss.

Både angrepsspelar Frode Fjørstad (18) og reservekeeper Fredrik Hanssen fekk sine første offisielle minutt for Førde sitt A-lag denne sesongen, då dei vart byta inn i høvesvis det 69. og 80. minutt.

Ein annan innbytar, Bernt Norevik, skulle få æra av å avslutte scoringsracet. Knappe 20 minutt før slutt får han ein lekker stikkar frå Eirik Fraas, og breisider i mål 6-0.

SPURKELAND: - VI VALSAR OVER DEI

- Vi har hatt veldig mykje fokus på oppbacking i det siste, og det er utruleg gøy å sjå at folk no verkeleg tør å by på seg sjølv, jublar Thor Jørgen Spurkeland.

Han stod med to scoringar og to målgjevande pasningar fram som heimelaget sin største spelar laurdag, og var det naturlege midtpunktet etter kampslutt.

- Sjølv om MK er svekka og inne i ein bølgjedal for tida, skal det seiast at vi ein svært god kamp. Vi valsar jo over dei, smiler 23-åringen, som i dag fekk tillitt frå start for første gong på fleire kampar, etter eit sterkt innhopp borte mot Flekkerøy sist.