Flo tilbake i Sogndal

Tore Andrè Flo var tysdag på trening med gamleklubben.

Tore Andrè Flo var tysdag på trening med gamleklubben. Foto:

Artikkelen er over 9 år gammel

Tore André Flo (37) kan vere på veg tilbake til Sogndal. Tysdag kveld stilte han på klubbens første trening for sesongen.

DEL

Kombinasjonen Harald Aabrekk og Tore André Flo har ved fleire høve vore god musikk i norsk toppfotball. Dagens Sogndaltrenar henta den unge stryningen til Tromsø i 1995, og han tok også ein av landets mest profilerte spelarar til Brann då Aabrekk var i trenarkabalen i Bergensklubben. Dessutan var Aabrekk trenar for Vålerenga då Flo kom tilbake til Norge i 2005.

Suksess

Og no kan det vere duka for ein ny Aabrekk/Flo kombinasjon. For tysdag kveld dukka 37-åringen opp på den første treninga til den nyopprykka Tippeligaklubben i Sognahallen.

- Tore André Flo har trent med oss også tidlegare, og akkurat no veit eg ikkje om tanken er noko meir, seier dagleg leiar i Sogndal Fotball, Egil Mundal.

- Får sjå

Mundal vedgår likevel at han har høyrt rykter om at Flo kan vere på veg tilbake, men avviser at det så langt har vore konkrete samtalar om ein eventuell overgang. Men samstundes legg han ikkje skjul på at det er ein forlokkande tanke. Ikkje minst med tanke på all PR-en dette vil kunne gje klubben.

- Nei, eg kan ikkje spekulere i dette no. Men ut frå det Tore André har vist tidlegare, er det vel ingen tvil om at han framleis er kapabel til å dra nokre finter. Han har avtale om å vere med på nokre treningar dei første dagane. Og så får vi sjå ut frå det, seier Egil Mundal.

Les meir i Firda onsdag 5.januar.

Artikkeltags