Fredag kveld spelte Molde og Sogndal treningskamp på Årølia kunstgress.
- Kampreferat MOLDE - SOGNDAL LIVE
Spelar i Sverige
Med på laget hadde Sogndal den finske midtstopparen Jani Lyysky, som til dagleg spelar i Djurgården i Allsvenskan.
– Dette er berre kartlegging, og vi skal sjå han i kamp her i dag. No er Espen Næss Lund ute med skade, så det er for å vere på hogget i marknaden. Han var med oss på trening i formiddag, og vi skal sjå han i kampen mot Molde, seier assistenttrenar Håvard Flo.
Høg kjempe
Dermed kan Hannu Patronen få finsk selskap i midtforsvaret til Sogndal denne sesongen. 28-år gamle Lyysky har tidlegare spelt for dei finske klubbane VPS og MIFK, og har to landskampar for det finske landslaget.
- Han er under kontrakt med Djurgården. Det er ingenting konkret enno, legg Flo til.