Gå til sidens hovedinnhold

Er Raggen for gammal?

Artikkelen er over 12 år gammel

Det meiner iallfall fotballkrinsen.

Ragnar "Raggen" Åmot (52) har dømt i lokalfotballen sidan 1976 – i 3. divisjon sidan 1982, og har blitt ein profilert person rundt om på fylkets mange arenaer.

Men no er det stopp; Åmot får ikkje lenger dømme på fylkets øvste nivå. Raggen har gått ut på dato, og blir ikkje lenger sett opp som hovuddommar i 3. divisjon.

– Det er som å miste førarkortet, utan at ein har gjort noko gale, illustrerer han.

Er for gammal...

Åmot fekk meldinga under dommaranes haustsamling, og han har hatt god tid til å tenkje over saka.

Men han skjønar framleis ikkje kvifor han er vraka. Åmot passerer nemleg framleis krava både teoretisk og fysisk – og han blir stadig vurdert som god nok av ulike observatørar.

– Eg ligg stort sett høgt oppe i testar. Ut ifrå slike kriterium, er det ingen grunn til at eg ikkje skal få dømme i Firdaligaen, seier Åmot.

Firda har utan suksess prøvd å få kontakt med leiar Robert Endestad i dommarkomiteen. Men Yngve Håkonsen i fotballkrinsen stadfestar saka.

– Dette er på grunn av alder. Det er slik som det også var for Torstein Kvam, seier dommar- og seriekonsulenten.

... men blir reservedommar

Åmot fyller 53 år i løpet av 2009, og har dermed nådd grensa forballkrinsen opererer med for dommarane i Firdaligaen.

– Er det ikkje rom for skjønn i slike saker?

– Nei. Hugs at også Collina (tidlegare italiensk toppdommar – og i si tid kanskje verdas beste, red. mrk.) til slutt måtte gå av på grunn av alder, seier Håkonsen.

– Vi har ein regel, og den er klinkande klar, legg han til.

Fotballkrinsen opnar likevel for at Åmot vert sett opp som reservedommar. Dermed blir han truleg å sjå som hovuddommar i Firdaligaen også i år – men då må det først komme forfall frå dommarane i terminlista.

Dessutan kan han framleis gå på linja som assistent.

– Åmot går framleis som hovuddommar i 4. divisjon og i lågare divisjonar. Aldersgrensa gjeld berre for toppdivisjonen i fylket, seier Håkonsen.

Han viser til at krinsen har 12 aktuelle dommarar for Firdaligaen. Det er eit passande tal, meiner dommar- og seriekonsulenten.