Er med i EM-kvalik-troppen

Per Egil Flo får fornya tillit på landslaget.

Per Egil Flo får fornya tillit på landslaget. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel
DEL

Det norske landslaget skal ut i to viktige EM-kvalifiseringskampar i oktober.

Først ventar Malta på bortebane, før Norge får besøk av Bulgaria på Ullevaal.

Flo i troppen

Dei to kampane blir særs viktige etter at det norske landslaget starta kvalifiseringa med tap på heimebane mot Italia.

I den kampen var nordfjordingen Per Egil Flo med.

No har Flo fått fornya tillit med flagget på brystet. Han er med i troppen, som tel 21 spelarar, som landslagssjef Per-Mathias Høgmo har teke ut.

Molde-spelaren er den einaste frå Sogn og Fjordane i troppen.

15-åring i troppen

Trass uttaket av Flo er det nok ein annan spelar som stel alle overskriftene i rikspressa.

Til kvalik-kampane er nemleg det 15 år gamle stjerneskotet Martin Ødegaard teken ut.

15-åringen har tidvis briljert for Strømsgodset i år, og har vore heftig diskutert i høve lanslaget.

No får han moglegheiten til å vise om han høyrer heime blant landets aller beste, i ein alder av 15 år.

Her er troppen:

André Hansen, Rune Almenning Jarstein, Ørjan Håskjold Nyland, Mats Møller Dæhli, Omar Elabdellaui, Tarik Elyounoussi, Vegard Forren, Per Egil Flo, Steffen Hagen, Henning Hauger, Markus Henriksen, Tom Høgli, Stefan Johansen, Joshua King, Håvard Nielsen, Håvard Nordtveit, Jone Samuelsen, Per Ciljan Skjelbred, Alexander Tettey, Martin Linnes, Martin Ødegaard.

To spelarar til vert tekne ut søndag.

To spelarar frå Sogndal har fått tillegg i U21-troppen som vart teken ut samtidig som A-landslagstroppen.

Dei to er Mathias Dyngeland og Petter Strand. Begge har vore blant spelarane som har gjort ein solid figur for Sogndal i år.

Artikkeltags