Gå til sidens hovedinnhold

Elise fekk 21 seksarar – og spelar på fotballandslaget

Artikkelen er over 3 år gammel

FLORØ: – Eg har komt inn på medisinstudiet, men i første omgang skal eg satse på fotball, seier Elise Isolde Stenevik (18) frå Florø.

– Eg tar det år for år no. Ettersom det går så bra med fotballen, vel eg å satse på det først. Medisinstudiet blir eventuelt noko eg gjer seinare, seier Stenevik. Ho er for tida i Sveits for å spele fotball-EM med J19-landslaget til Noreg.

Blitt flinkare å prioritere

Stenevik gjekk ut av vidaregåande med 21 seksarar. Ho fortel at mesteparten av helgene har gått vekk til skulearbeid.

– Då eg gjekk i 1. klasse var eg ikkje så flink til å prioritere, men innan eg byrja i 3. klasse hadde eg ei rutine der eg tok fotballen på kvardagane og leksene i helgene.

Stressøving kvelden før er noko Florøjenta har lagt av seg for lengst:

– Ein kan ikkje satse på å øve til prøva kvelden før når ein har så mykje treningar som eg. Viss du veit at du er oppteken heile veka, så er det uaktuelt å utsetje ting. Vi får prøveplanar, så det er jo berre å legge opp lesinga etter dei.

Trass i veldig sterke resultat både på skulen og i fotballen, føler ikkje Stenevik at ho har måtte ofra så veldig mykje.

– Venene mine ser eg jo på skulen, så eg føler ikkje at eg mistar dei, akkurat. Eg har nok ikkje det typiske ungdomslivet som eg ser mange andre rundt meg har, men det går heilt fint. Det einaste er vel dei to samlingane eg har gått glipp av med landslaget. Det svei litt.

Ville studere medisin på deltid

Florøjenta seier det er veldig av og på med kor travelt det er. Landslaget er for tida i Sveits for å vere med i EM, noko Stenevik merkar godt.

– Akkurat no er det sjølvsagt ganske travelt. Vi skal spele semifinale på fredag, enten mot Danmark eller Tyskland. Så får vi sjå korleis det går etter det.

Håpet var eigentleg å studere medisin på deltid til hausten, slik at ho kunne satse på fotballen. Då Stenevik fant ut at det ikkje går an, valde ho å legge studia til side.

– Når eg kjem heim frå denne turen er det verken ferie eller sommarjobb. Eg skal berre fortsette å spele fotball og gå vidare i sesongen. 

Stenevik er ikkje så bekymra for kampen på fredag.

– Eg har ei god kjensle. Eg trur det kjem til å gå bra.

Kommentarer til denne saken