– Ein gutedraum i oppfylling

Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Signerte A-lagskontrakt med Brann.

DEL

Son til tidlegare Førde, Sogndal- og Brann-spelar Rune Vindheim, Andreas Vindheim, har tysdag signert proffkontrakt for Brann. Det melder Brann på sine heimesider.

Treårskontrakt

Andreas Vindheim, som er fødd i 1995, kom til Brann som 13-åring frå Nymark. Han er del av same kull som Kasper Skaanes og Bård Finne, og med Vindheim sin signatur står dei no alle med treårskontraktar – til og med 2016-sesongen.

Dermed er 18-åringen no, som far hans var på byrjinga av 90-talet, i Brann sin A-stall.

– Ein gutedraum

– Dette er heilt klart ein gutedraum som går i oppfylling, og difor sit eg med ei herleg kjensle no, seier Vindheim til Brann.no.

Vindheim har vore ønska av andre klubbar, mellom anna franske St. Etienne, men tok avgjersla å bli verande i Bergen.

Opp- og nedturar

– Vegen fram til i dag har vore lærerik, med nokre tunge tider og ein god del oppturar. Eg har hatt flinke trenarar og eit godt støtteapparat rundt meg heile tida, sida eg kom til Brann i 2009, seier Brann-backen.

Vindheim debuterte for Brann 1. mai 2012 då han fekk spele 1. omgang av cupkampen mot Bjarg. Han spelte sin andre obligatoriske kamp for Brann mot Hovding i mai 2013, og i løpet av sesongen har han vore i troppen til ein kamp i Tippeligaen. I august debuterte også Vindheim for Norge sitt G18-landslag.

Artikkeltags