Initiativtakarane Vidar Halland og Geir Espe starta prosessen med å samle VM-laget frå 1998 for vel eit år tilbake.

– Vi har invitert alle spelarane og støtteapparat med følgje til Jølster 5-7. september, fortel dei.

Fire frå fylket

Den første helga i september er det spelefri i Tippeligaen, og Norge spelar landskamp mot Island. Mange av dei tidlegare spelarane frå 98-laget har no toppjobbar i ulike klubbar.

– At det er fire spelarar frå Sogn og Fjordane som var ein del av dette laget gjere det heile veldig spesielt. Og kvifor ikkje leggje eit slikt til jubileum Jølster, spør dei.

Base på Skei

Den samla troppen har base på Skei Hotell, og det blir lagt opp til aktivitetar som rafting, golf, og fjellturar.

– Vi trur vi kan tilby dei noko ekstra som dei set pris på, seier Espe.

– Og vi håpar å ha klar den fullstendige spelartroppen og motstandarlag i løpet av kort tid, seier Halland lurt.

– Må slanke meg

Jostein Flo er èin av spelarane som er klare til samlinga på Skei, der Norge skal spele ein oppvisningskamp. Han gler seg, men han har likevel ei bekymring.

– Eg må slanke meg, ler han.

– Matchvekta mi er 99 kilo. Men eg er så utruleg plaga med strekk, og då snakkar vi strekk i heile kroppen, flirer han vidare.

Dei fleste kjem

Dei to initiativtakarane frå Jølster kan ikkje offentleggjere den endelege troppen, men stadfestar at dei fleste av alle stjernene er klare.

Jostein Flo kan likevel røpe at bror hans Tore Andre ynskjer å stille.

– Eg snakka med han seinast i går om dette, og han skal gjere alt han kan for å stille opp, seier Jostein Flo.