Blodig kamp for poenga

GAV ALT: Kaptein Ole Martin Eide ofra alt for Jølster då Vik pressa for utlikning. Her saman med Jon Arild Halland (t.v) og oppmann Jarl Helle.

GAV ALT: Kaptein Ole Martin Eide ofra alt for Jølster då Vik pressa for utlikning. Her saman med Jon Arild Halland (t.v) og oppmann Jarl Helle. Foto:

Artikkelen er over 10 år gammel

Jølster vann krigen om poenga mot botnkollega Vik.

DEL

Jølster tok tre viktige poeng mot Vik laurdag. Men det kosta:

Få minutt etter at Ole Martin Eide sende Jølster i føringa frå straffemerket, gjekk han rett i bakken inne i feltet etter ein kraftig samanstøt.

- Det betyr ikkje så mykje. Det viktigaste var tre poeng i dag. Sjølv om vi var heldige, seier Eide.

Vik best

For det var gjestene frå Vik som hadde best grep om kampen. Sogndal-klare Gustav Valsvik var ein av Vik-spelarane som hang med hovudet etter kampen.

- Eg er veldig skuffa. Vi hadde fortent alle poenga i dag, meiner han, som såg at heimelaget fekk straffespark fire minutt før slutt.

Heldige

- Eg skjønnar at Vik-spelarane er skuffa. Straffesparket såg billeg ut frå den vinkelen eg stod, seier kaptein Eide sympatisk.

Artikkeltags