- Aabrekk var tydeleg nøgd

Peter Aase har trent med Aalesund denne veka.

Peter Aase har trent med Aalesund denne veka. Foto:

Artikkelen er over 4 år gammel

Trenar med Tippeligaklubb denne veka.

DEL

Denne veka trenar Florø-spelaren Peter Aase (18) med Aalesund sitt Tippeliga-manskap. Avtalen om opphaldet kom igang etter at klubbens talentspeidar Harald Aabrekk såg oppgjeret mellom Florø og Stord 13. september.

Les også: På tribuna sat talentspeidaren

Gode kvalitetar

- Det var tydeleg at Harald Aabrekk likte det eg gjorde i den kampen mot Stord for tre veker sidan. Og det er jo litt kjekt då det også var Aabrekk som henta meg til Sogndal for eit par år sidan. Det kan tyde på at han likar mine kvalitetar, seier Peter Aase etter gjennomført økt på Color Line stadion torsdag.

- Eg var nok litt nervøs på den første økta med Aalesund, men det har gått betre og betre. Eg er litt uvant til kunstgras-underlaget her oppe. Men tilbakemeldingane på den siste økta torsdag, då trenar Jan Jõnsson mønstra to fulle lag, var gode, seier midtbanespelaren som allereie fredag kveld skal vere tilbake i Florø.

Kamp på måndag

- Eg skal trene ei ny økt med Aalesund tidleg på fredag, og reiser deretter til Florø for å delta på kveldsøkta der. Og på måndag skal vi spele 2. divisjonskamp mot Stabæk II på Flora stadion, seier Aase i samband med treningsopphaldet med Tippeligaklubben.

Artikkeltags