Difor vart dei lokka av utdanning i Forsvaret

Snart i kongens klede: Stian Hoff Loe, Sofie Dyrstad og Synnøve Tveit skal alle ta førstegongstenesten, og vil ta utdanning innan Forsvaret. Foto: Idar Stadheim

Snart i kongens klede: Stian Hoff Loe, Sofie Dyrstad og Synnøve Tveit skal alle ta førstegongstenesten, og vil ta utdanning innan Forsvaret. Foto: Idar Stadheim Foto:

Av
Artikkelen er over 4 år gammel

– Det er kanskje litt klisjé, men for meg er det også viktig å vite at eg er med og vernar Norge.

DEL

Det seier Sofie Dyrstad (18), som går tredje og siste året på studiespesialisering ved Hafstad VGS.

Tysdag denne veka hadde Det Norske Forsvaret informasjonsmøte ved Hafstad vidaregåande skule, eit infomøte for å la sisteårs-elevane høyre om moglegheitene om utdanning og vidare jobb i Forsvaret.

Dyrstad var med vel 20 andre elevar under infomøtet, og saman med Synnøve Tveit (18) og Stian Hoff Loe (18), er valet for neste år allereie teke: Då ventar førstegongstenesta.

Vil ta utdanning

Alle tre Hafstad-elevane er også inne på tanken å ta si vidare utdanning i Forsvaret.

– Eg ønskjer å gå befalsskule eller å ta utdanning innan Forsvarets Etterretningsteneste, seier Sofie Dyrstad.

Ho fortel at forsvaret gir ei god erfaring, om det så er innan utdanning, eller vanleg førstegongsteneste.

– Det er kanskje litt klisjé, men for meg er det også viktig å vite at eg er med og vernar Norge. Det er ei kjensle som er god å ha, seier ho.

Vil bli pilot

Stian Hoff Loe vedgår at hans motivasjon kanskje ikkje er like nobel, men at han framleis er motivert for studiar i Forsvaret.

– Det er først og fremst gratis, og etter det eg høyrer gode skular, seier Hoff Loe, som hadde ein draum om å bli jagarpilot.

Under testar på sesjon var ikkje synet hans godt nok, men pilotdraumen gir han ikkje opp. Og utdanning i Forsvaret ser han framleis som aktuelt.

– Eg vurderer også befalsutdanning, og har eit ønskje om å ta privat pilotutdanning. Kanskje eg også går tilbake til Forsvaret etter det? seier 18-åringen.

– Bra på CV-en

Synnøve Tveit vurderer å bli byggingeniør under Forsvaret. Som Dyrstad peikar ho på mykje positivt ved utdanning her.

– Å ha vore i Forsvaret og å ha utdanning derfrå ser bra ut på CV-en, seier Tveit, som også dreg fram andre gode:

– Ein får lønn under utdanninga, og har garanti for jobb. Det er noko anna enn å byggje opp studielån, seier ho.

Utdanning i forsvaret

Forsvaret tilbyr utdanning innan:

Befalsutdanning innan Hærens befalsskole, Befalsskolen for Sjøforsvaret, Luftforsvarets befalsskole eller Heimevernets befalsskole.

Bachelorgrad ved Forsvarets ingeniørhøgskole, Forsvarets etterretningshøgskole, Krigsskolen, Sjøkrigsskolen, Luftkrigsskolen eller Forsvarets flygeskole.

Master – Offiserar som har gått krigsskole eller tatt annen utdanning på bachelornivå (militært eller sivilt) kan bygge på med masterstudier og/eller mastergrad.

Tjenesteutdanning – som profesjonell soldat eller i ei profesjonell avdeling.

Du kan også ta læretida di i forsvaret.

For å starte på ei utdanning må du vere kjent tenestedyktig fra sesjon. Du treng ikkje å ha fullført førstegangsteneste for å søke utdanning i Forsvaret. Unntaket er tenestetypar der det blir stilt spesielle krav til søkarane.

Forsvaret brukar eit elektronisk søknadssystem med innlogging gjennom ID-porten/MinID. Du finn søknadsskjema inne på sida til kvar enkelt utdanningsretning. Vær merksam på at søknadsskjemaa ikkje er opne heile året. Normalt blir desse tilgjengeleg i god tid (6–12 veker) før søknadsfristen.

Komplett oversikt over korleis du går fram med søknadsprosessen, og kva utdanningar du kan ta i forsvaret, finn du på nettsida «https://forsvaret.no/karriere/

utdanning/soknadsoversikt»

Kjelde: Forsvaret.no

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken