Gå til sidens hovedinnhold

Første koronatilfelle på to veker

Etter tretten dagar utan nye smittetilfelle, er det registrert eitt nytt smittetilfelle.

Rapporten til Helse Førde viser at dei i går analyserte 248 koronatestar i laboratoriet ved Førde sentralsjukehus. Personen som er smitta har tatt prøven i Kinn kommune.

På heimesidene til Helse Førde står det at kommune for prøvetaking ikkje nødvendigvis er kommunen der pasienten bur eller har folkeregistrert adresse.

Les også

– Vi har løyvd midlar til dei som har lidd mest

Les også

Preben Moen reagerer på det han hevdar er misvisande forklaring frå næringssjefen i Gloppen

Kommentarer til denne saken