Første koronadødsfall i Helse Vest

Haukeland sjukehus informerte om dødsfallet laurdag morgon.

DEL

BA skriv at dei opplyser at det var ein eldre pasient som døydde av koronaviruset.

Av personvernomsyn kan dei ikkje gje meir informasjon om den døde på noverande tidspunkt.

Når Helse Bergen grupperer folk etter alder betyr eldre at det er ein person over 65 år. Vaksne er mellom 18 og 64 år og barn er mellom 0 og 17 år.

Måndag var tolv personar innlagde på Haukeland universitetssjukehus med diagnosen covid-19.

To av desse fekk intensivbehandling melder helseføretaket. Begge desse skal vere i gruppa over 65 år.

Artikkeltags