Gå til sidens hovedinnhold

Første gong på tolv dagar utan nye smittetilfelle

Helse Førde analyserte 121 koronaprøver.

Måndag analyserte Helse Førde 121 koronaprøver, ingen av dei gav utslag på viruset.

Dette er første gong sidan 3. mars at Helse Førde melder om ingen nye tilfelle blant deira analyserte prøver.

Til saman i førre veke vart det analysert 2356 koronaprøver, 34 av dei gav utslag på COVID-19 smitte.

Den siste tida har to personar vore innlagd med koronasmitte ved Førde sentralsjukehus, no er det nede i ein pasient.

Tala er ikkje ei komplett liste over alle prøvesvar frå området til Helse Førde, men berre ei liste over dei prøvene som er analyserte hos helseføretaket.