– Vi kunne ha sett inn meir mannskap på dag to for å dekke informasjonsbehovet i større grad til dei som var innesperra i området.
Dette kjem fram i Vest politidistrikt sin interne evalueringsrapport etter rasa i Jølster 30. juli. Formålet med evalueringa var å kome fram til eventuelle forbetringspunkt på taktisk og operasjonelt nivå i ei tilsvarande framtidig hending.
– Uoversiktleg situasjon
Politiet fekk inn den første meldinga om jord- og steinras over E39 klokka 16.30. I timane som følgde vart det meldt inn fleire ras på same vegstrekning og i området vest for Vassenden. Det var ikkje meldt om personar som vart tekne i nokre av desse rasa, men bilar vart innesperra og det var vasskadar på eigedommar.
– Noko seinare kom meldinga om nok eit ras på sørsida av vatnet. Ein person er i etterkant bekrefta død etter å ha blitt tatt av raset. Totalt sett vart det registrert 16 ras i det aktuelle området denne kvelden, i tillegg til ras i området Hyen og Modalen i Hordaland. Det var ein uoversiktleg situasjon, og det var også mange andre pågåande prioriterte oppdrag i same periode, står det i rapporten.
Telefondekninga var ute og det var vanskeleg for dei lokale politiressursane å ta seg inn i rasområdet. Det var heller ikkje flyvêr.
– Operasjonssentralen vart forsterka med ekstra personell klokka 20.15. Politiressursar frå Førde, Florø, Sogndal, Gloppen og Fjaler var i innsats, og lensmannsdistriktet kalla ut ekstra ressursar. Det var også sett kommunal krisestab i Førde.
BILDESERIE: Sjå skadane dei ulike stadane i Jølster
– Må sikre tydlegare kommunikasjonslinjer
Ved gult farevarsel og under spesielle omstende vert det anbefalt at politiet vurderer å oppbemanne enkelte funksjonar og einingar som eit føre var prinsipp.
– Vi ser vidare at det er også er behov for å sikre tydlegare kommunikasjonslinjer mellom kommunal kriseleiing og operasjonssentralen, står det i rapporten.
At informasjonsbehovet var stort på dag to, fekk ingen konsekvensar utover at det var eit stort informasjonsbehov som var vanskeleg å dekke, skriv politiet.
Anbodsrunden vert avslutta over helga
Når det gjeld opning av fv. 451, der ein mann vart tatt av ras like etter, er det ikkje avdekka noko nytt enn det politiet før har sagt. Bilen ligg på 170 meters djupne, ca. 600 meter ut i vatnet.
– Politiet er svært opptatt av at bilen skal hevast og vi jobbar no med ein anbodsrunde for å finne ut om det er mogleg å heve bilen, og til kva kostnad. Anbodsrunden vert truleg avslutta og vurdert rundt 8. oktober. Det er då opp til Politidirektoratet å avgjere vidare prosess, skriv politiet.