Korleis lage om brunalgar til mat?

Artikkelen er over 4 år gammel

Får to mill. til å finne svaret

DEL

Fire forskingsprosjekt i Sogn og Fjordane får millionstøtte. Dette melder fylkeskommunen i ei pressemelding. 

Deler ut 25 mill.

Regionalt forskingsfond Vestlandet gir 25 millionar kroner til 13 ulike forskingsprosjekt i landsdelen. Sognefrukt SA i Leikanger, Aurland kommune, Vestnorsk fjordlandskap (ved Nærøyfjorden Verdsarvpark) og Seaweed AS på Værlandet er blant desse.

Millionar til brunalgar

Bedrifta Seaweed AS på Værlandet får to millionar til eit forskingsprosjekt som tek sikte på å utvikle ny og berekraftig næringsverksemd basert på dyrking og prosessering av brunalgar til mat.

Sognefrukt SA i Leikanger får 1,3 millionar til eit forskingsprosjekt som skal gi betre rammevilkår for dyrkarar av kjernefrukt i Noreg

Vestnorsk fjordlandskap v/Nærøyfjorden Verdsarvpark har fått 2,2 millionar kroner til å forske på nye metodar og modellar for besøksforvalting og lokal reisemålsutvikling i ein norsk kontekst.

Aurland kommune får to millionar kroner til eit forskingsprosjekt der målsettinga blant anna er å utvikle effektiv kartlegging av skred- og flaumrisiko i bratt vestlandsterreng ved hjelp av flyborne elektromagnetiske undersøkingar.

To utlysningar

Regionalt forskingsfond har hatt to utlysingar i 2014. I den første utlysinga var det seks søknader om hovudprosjekt frå Sogn og Fjordane, men ingen nådde opp. Til andre utlysing arrangerte difor Regionalt forskingsfond Vestlandet prosjektverkstad i Sogndal med søkjelys på prosjektkvalitet. Til den andre søknadsrunden vart det levert inn tolv søknader frå Sogn og Fjordane og fire fekk støtte. Tre av søknadane fekk toppkarakteren seks. Alle av dei som fekk beste karakter, deltok på prosjektverkstaden, skriv fylkeskommunen i pressemeldinga.

– Tildelinga etter siste utlysing var svært bra for Sogn og Fjordane. I denne runden fekk fylket tildelt omtrent like mykje støtte som Rogaland og Hordaland, seier rådgjevar i fylkeskommunen, Arne Monrad Johnsen.

Artikkeltags