Forskargruppa består mellom anna Veterinærinstituttets direktør for forsking og internasjonalisering, Carlos das Neves.

I ei pressemelding frå Veterinærinstituttet seier han at konklusjonen byggjer på svært omfattande dokumentasjon.

– Vi har analysert alle relevante tilgjengelege data og vurdert ulike teoriar, inkludert laboratorielekkasje eller uhell, men dei vitskaplege bevisa er overveldande i retning av ein zoonotisk overføring frå dyr, seier han.

Studien vart omtalt i det amerikanske forskingstidsskriftet Science tysdag, og er publisert i journalen Proceedings of the National Academy of the USA (PNAS).

Forskargruppa skriv i artikkelen at førekomsten av såkalla zoonotiske RNA-virus som SARS-CoV-2 hos menneske auka dei siste tiåra, og ifølgje forskarane har fleire forhold bidrege til auken.

Dei skriv at både befolkningsvekst blant menneske og husdyr, endra arealbruk, klimaendringar, reiser og global handel kan bidra til spreiing av slike sjukdommar.

Forskargruppa består av ekspertar innan mellom anna folkehelse, virologi og epidemiologi.