Forskarar: Har funne medisin som hjelper alvorleg koronasjuke

Av

Britiske forskarar seier dei har funne den første medisinen som beviseleg reduserer døyelegheita for alvorleg koronasjuke.

DEL

Det er snakk om eit steroid som kallast deksametason, og som inntil no har vore brukt mot ei rekkje allergiske reaksjonar, i tillegg til leddgikt og astma. Steroidet er betennelsesdempande.

Forskarar leidd av ei gruppe ved University of Oxford har testa medisinen på ei tilfeldig utvald gruppe på over 2.000 koronapasientar. Dei vart samanlikna med over 4.000 pasientar som fekk andre typar behandling.

Betydeleg redusert døyelegheit

Blant pasientane som låg i respirator og fekk deksametason, vart døyelegheita redusert frå 40 til 28 prosent, medan den vart redusert frå 25 til 20 prosent for dei som berre trong ekstra oksygen.

– Viss desse førebelse tala stemmer, vil dette kunne få stor tyding for behandlinga av covid-19 globalt, seier Steinar Madsen, medisinsk fagdirektør i Legemiddelverket, til VG.

Madsen seier at legemiddelet har ein sterk betennelsesdempande verknad, er rimeleg og blir brukt ved fleire tilstandar òg i Noreg, men at det ikkje har vore klinisk utprøvd mot covid-19 her.

– Det at det er så mange pasientar med i studien, gir større sikkerheit for at funna som er gjorde er riktige. Recovery har dessutan studiar med høg vitskapleg kvalitet, seier han.

– Stort gjennombrot

– Dette er den einaste medisinen som så langt har vist seg å redusere døyelegheita. Og ho blir redusert betydeleg. Dette er eit stort gjennombrot, seier professor Peter Horby ved University of Oxford, ifølgje BBC.

Funnet er særleg velkomme, då om lag 40 prosent av dei som får behov for respirator på grunn av covid-19, vanlegvis døyr.

Ein dagleg dose av steroidet kan forhindre ein åttedel av desse dødsfalla, ifølgje studien.

Blir teke i bruk umiddelbart

Forskingsresultata vil bli offisielt publiserte i løpet av kort tid. Deksametason er både forholdsvis billeg og lett tilgjengeleg, og britiske styresmakter vil ta medisinen i bruk umiddelbart.

Helseminister Matt Hancock seier regjeringa byrja å byggje opp eit lager av medisinen etter å ha sett dei første teikna som tydde på at han var effektiv for tre månader sidan.

Forskarane seier 5.000 færre kunne døydd av koronaviruset i Storbritannia, om deksametason hadde vorte nytta frå starten på utbrotet.

(©NPK)

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken