Enkelte hageblomstrar kan lett rømme over gjerdet og skape trøbbel i naturen. Lupinen er ein kjend versting. Tida er inne for å bli kjend med fleire i banden.

– Det er mange artar her som er gode kandidatar. Mange hageplantar spreier seg lett ved kasting av hageavfall utanfor gjerdet, flytting av jord som inneheld delar av rot, stengel eller frø, seier seniorrådgivar Olga Hilmo som er prosjektleiar for arbeidet med framande artar og Framandartslista i Artsdatabanken.

Lupin og rynkerose

Dei fleste hageeigarar kjenner allereie godt til lupin og rynkerose. Rømlingane er ofte forkledde som vakre og yndige blomstrar i flotte fargar. Moskuskattost seglar opp som ein ny god kandidat til ein blomster som hageeigarar bør passe på. Det same gjeld valurt som sest oftare og oftare utanfor hagen, det same gjeld honningknoppurt og praktmarikåpe.

Hagerømlingane kan vere til skade for artsmangfaldet i naturen. Dei fleste av hageplantane våre kjem frå andre land. Dei har ikkje spreidd seg til Norge på naturleg vis, men er frakta hit av menneske. Typisk er det plantar frå delar av verda der klimaet er ganske likt det norske.

Høgrisikoartar er plantar i kategoriane høg risiko eller svært høg risiko i Framandartslista. Desse vart tidlegare kalla svartelista artar.

Hilmo oppmodar hageeigarar om å velje riktige plantar og unngå dei som har potensial for å gjere skade om dei etablerer seg ute i norsk natur. Mange hageplantar er òg harmlause. Det er dei som ikkje overlever på sikt i den barske norske naturen. Det kan til dømes vere lavendel, madonnalinje eller tigerlilje. Fleire av hagesentera merker planter med økologisk risiko og spreiingsevne.

Andre buskvekstar

Seniorrådgivaren i Artsdatabanken peikar òg spesielt på slireartane som er døme på artar som hagefolk bør følgje med på.

– Dei er spesielt problematiske fordi dei kan etablere seg i mange ulike naturtypar og utkonkurrere andre artar. Den endrar vekselplassen heilt og kveler vegetasjonen rundt, seier ho.

I tillegg listar ho opp nokre skumlingar som er gode døme blant buskene, men som ikkje er kjent blant alle hageeigarar. Det gjeld fleire busker i slekta spirea og mispel, mellom anna rognspirea, bleikspirea og blankmispel

Desse er ikkje så enkelt å kontrollere sidan mange av hagebuskane spreier seg med fuglar som et bæra.

– Mange har òg gyvel i hagen sin, og desse må vi passe ekstra godt på. Det er ein art som har spreidd seg raskt og kan fortrengje artar som høyrer naturleg til i Norge. Den har òg nitrogenfikserande knollar som endrar næringsinnhaldet i jorda, åtvarar ho.

(©NPK)