Forsikringsselskap rår imot utanlandsreiser

Av

Tryg Forsikring rår mot alle utanlandsreiser. Dei meiner folk risikerer å bli stranda som følgje av koronaviruset

DEL

Bakgrunnen er at stadig fleire land tar raske avgjerder som får stor innverknad for reisande.

– I verste fall kan ein bli sitjande fast ute i verda dersom landet ein oppheld seg i, stengjer ned flyplassar eller andre transportmoglegheiter, seier kommunikasjonssjef Ole Irgens i Tryg Forsikring.

Han viser samtidig til at det er stor gjennomstrøyming av folk, er det òg stor smittefare.

Dekkjer behandling

Forsikringsselskapet dekkjer framleis behandling om du blir smitta på reise utanfor land med stor smittespreiing.

– Vi dekkjer behandling og hjelper deg heim dersom du må evakuerast. Blir du plassert i karantene på reise, får du dekt forlengt opphald og utsett heimreise. Må du avlyse ei reise fordi du sit i karantene i Noreg, anten du er sjuk eller frisk, blir òg dette dekt av forsikringa, seier han.

Dette gjeld ikkje dersom ein reiser til områda som UD rår imot å reise til som følgje av koronaviruset. Det gjeld Tirol i Austerrike, Italia, Sør-Korea og Kina, ifølgje reiseråda utskrivne tysdag.

– Flytrafikken utsett

– Reiseforsikringa gjeld ikkje for dei som reiser til område norske styresmakter rår mot reise til. Sjølv med reiseforsikring er du altså utan forsikringsdekning dersom noko skulle skje med deg. Du må sjølv dekkje alt viss du blir sjuk, treng legehjelp, ved tjuveri eller eigendelsdekning for leigebil, seier Irgens.

Tryg viser til at flytrafikken til og frå dei mest smitteutsette områda allereie er i ferd med å stoppe heilt opp.

– Endringar skjer så fort at ein risikerer å bli stranda dersom ein reiser til utlandet no. Ver heime til situasjonen blir meir stabil, seier Irgens.

Artikkeltags