Gå til sidens hovedinnhold

Forsikringsselskap dekkjer avbestilling til nye raude land

Artikkelen er over 1 år gammel

Fleire forsikringsselskap stadfestar at dei dekkjer avbestillinga til land og regionar som no blir raude etter pressekonferansen til regjeringa onsdag.

Frå midnatt natt til laurdag 15. august rår Utanriksdepartementet imot alle ikkje-nødvendige reiser til Island, Kypros, Malta, Nederland, Polen og Færøyane, og dessutan ein del regionar i Danmark og Sverige.

Både Gjensidige og If stadfestar no at dei vil hjelpe til med å dekkje avbestilling frå desse landa og regionane.

Ifølgje If gjeld reiseforsikringa som normalt i gule land. Avbestillingar blir ikkje dekte med mindre eit land/område er raudt når det er fjorten dagar eller mindre til reise.

Gjensidige påpeikar at reiseforsikringa vil fungere på vanleg måte om ein oppheld seg i land eller regionar som no går frå grønt til raudt.

Les også

Statsministeren: – Norge står ved eit vippepunkt

Les også

Høie forsvarer utanlandsopninga

Kommentarer til denne saken