Uoppmerksame sjåførar er årsaka til fire av ti trafikkuhell. Forsikringsselskap oppfordrar no foreldre til å ikkje overføre dårlege vanar bak rattet til unge som øvingskøyrer.

No er det høgsesong for øvingskøyring rundt om i landet. Therese Hofstad-Nielsen er skadeførebyggar i Fremtind, forsikringsselskapet til Sparebank 1 og DNB. Ho ber foreldre og føresette tenke over eiga åtferd og uvanar i trafikken.

– Vi må unngå at dei verste uvanane våre går i arv til yngre generasjonar. Vi veit at altfor mange brukar mobilen under køyring, og det stel merksemda frå sjølve køyringa. Tenk over korleis du sjølv køyrer både teknisk og i trafikken, og la mobilen ligge under køyring, også når du er med som følgjeperson, seier ho i ei pressemelding frå Fremtind.

Tal frå Finans Norge viser at det var rekordmange bilskadar i fjor. Totalt ein million samanstøytar med bilar, bussar, lastebilar og andre køyretøy vart meldt inn i fjor.

– Mange skadar kunne ha vore unngått viss vi konsentrerte oss betre bak rattet. Du skal ikkje sjå lenge på mobilen eller ein skjerm i bilen før du skjener ut av eige køyrefelt eller mister reaksjonstida du treng for å handtere ei hending. Trafikkbildet endrar seg raskt, og derfor er det viktig å berre fokusere på bilkøyringa, seier Hofstad-Nielsen.

Det er følgjepersonen som har ansvaret under øvingskøyringa, og han eller ho har som oppgåve å rettleie eleven undervegs.

– Følgjeperson skal hjelpe eleven med å halde blikket på vegen. Det betyr at mobilen må vekk. Og til elevar med uoppmerksame foreldre bak rattet: Ikkje gjer som mor og far, oppfordrar skadeførebyggaren.

(©NPK)