Gå til sidens hovedinnhold

Førre veke starta dei riving på tomta. No set selskapet bak Nynorskhuset opp aksjekapitalen

Her er næringslivsloggen til og med 15. november 2021.

For abonnentar

Pengestraum

Olav Fuglestrand (58) får betalt tilbake 365.400 kroner frå selskapet OLAV FUGLESTRAND HOLDING AS. Selskapet held til på Sandane. Ny aksjekapital er 40.600 kroner.

SKOG OG MASKINTJENESTER AS i Bremanger har ny aksjekapital på 55.000 kroner, etter at det blei bestemt at aksjeeigarane skulle få betalt tilbake 25.000 kroner.

I Førde har PEAK VENTURE I AS auka aksjekapitalen frå 9.894.900 kroner til 11.864.700 kroner.

Det same har STOREHAGEN EIGEDOM AS i Førde gjort. Eigedomsselskapet går frå tre millionar til seks millionar i aksjekapital. Selskapet blei oppretta i juni i år, og skal drive med kjøp, utvikling og utleige av fast eigedom. Dette er selskapet som skal eige blant anna Nynorskhuset i Førde. Nynorskhuset skal huse mellom andre Firda, NRK og Teater Vestland, og skal etter planen stå ferdig våren 2023.

Les også

Rivinga av Firda Billag-bygget har starta. Sjå video av rivinga

Nye selskap

Førre veke skreiv næringslivsloggen om at Bjarte Skår har oppretta eit nytt kraftverksselskap. No har han starta enda eit. DB KRAFTVERK AS skal drive med bygging av kraftverk, og sal av straum. Aksjekapitalen er på 30.000 kroner.

På Sandane er enkeltpersonføretaket MERIH TSEGAY HAYLE starta. Selskapet skal drive med import og sal av tradisjonelle varer, blant anna Eritreisk og Etiopisk matbutikk.

I Florø har investeringsselskapet SMARTER INVEST AS sett dagens lys. Tore Havn (58) er styreleiar, og med seg har han 320.000 kroner i aksjekapital.

I same by er også WIDDAL DIGITAL AS starta. Styreleiar Torbjørn Kildal Viddal (40) skal drive med IT-tenester og kjøp av aksjar. Kapitalen til selskapet er på 30.000 kroner.

Ole Martin Vold Sæbø (19) har er dagleg leiar og styreleiar i nyregistrerte SÆBØ ASSETS AS i Førde. Selskapet skal drive med investeringar i selskap og eigedom, og aksjekapitalen er på 30.000 kroner.

Også RHØ HOLDING AS er oppretta i Førde. Styreleiar er Rikard Herstad Øvrelid (18), og selskapet skal drive med investeringar.

ISMAN HOLDING AS er starta på Vassenden. Selskapet skal forvalte kapital gjennom investeringar og aksjar. Styreleiar er Ingunn Støfring, og aksjekapitalen er på 100.000 kroner.

I Solund er ØYASUND AS oppretta. Selskapet skal eige, drive og befrakte skip og drive med fiskeri. Dagleg leiar er Linne Lending (47) og styreleiar er Magnar Egil Lending (50). Aksjekapitalen er på 30.000 kroner.

Nye namn

Knud Lorentzen (67) har fråtredd stillinga som styreleiar i INC INVEST AS i Florø.

John Hinsverk (52) er registrert som ny dagleg leiar i FJORDANE IT AS. Selskapet har adresse i Førde.

Les også

John flytta til Førde for jobben. No tar han over som leiar: – Har nok litt å leve opp til

GRAVDALGRUPPA AS i Førde har fått ny dagleg leiar. Han heiter Petter Flølo Geithus (41).

Irene Kristiansen (47) er ny styreleiar i VESTA-VIND AS i Solund. Selskapet er eit vindkraftselskap, som driv Ytre Sula Vindkraftanlegg.

ÅRDAL KRAFTVERK AS på Breim har registrert nye roller. Kjetil Kolbeinsen Knudsen (41) er ny dagleg leiar, og Roar Sjo er ny styreleiar.

I Svelgen har FERSTAD INSTALLASJON AS fått ny dagleg leiar. Han heiter Ronny Ferstad (34).

Oppløysing

HOLEN MASKINSERVICE AS i Bjordal i Høyanger kommune har sett sine siste dagar. Selskapet dreiv med utleige av maskiner og utstyr til vegdrift, og hadde ved oppstart i 2015 ein aksjekapital på 450.000 kroner. No er selskapet løyst opp.

Adresseendring

REIAKVAM ANTIRUST AS i Naustdal har skifta adresse til Førde. Styreleiar i selskapet som driv med antirustbehandling og bilpleie er Frank Reiakvam (40).

Samanslåingar

Det er gjort vedtak om å omdanne stiftingane STIFTINGA MUSEA I SOGN OG FJORDANE og KYSTMUSEET I SOGN OG FJORDANE for samanslåing. Vedtaket er no godkjent av Stiftelsestilsynet.

Sletta selskap

K STRØMMEN HOLDING AS er sletta frå føretaksregisteret.

KINN FORSKALING AS er sletta etter at selskapet blei slått saman med GRØNSBERG BYGG AS. Begge selskapa held til i Florø.

ANGEDALSVEGEN 59 AS er sletta etter at selskapet er slått saman med DØSKELAND AS i Førde.

Les tidlegare næringslivsloggar under:

Les også

Han er leiar i nytt kraftverksselskap i Dale

Les også

Jon Bjørn og Lars Didrik fekk eit godt år i fjor – no får dei pengar tilbake

Les også

Johan sit i sjefsstolen til to nyoppretta fiskeriselskap

Kommentarer til denne saken