Forlengar forbod for arrangement over 500 personar

FORLENGA FORBOD: Laurdag vart det klart at forbodet mot arrangement med over 500 deltakarar blir forlenga til 1. september. Bildet er frå Førdefestivalen i 2017.

FORLENGA FORBOD: Laurdag vart det klart at forbodet mot arrangement med over 500 deltakarar blir forlenga til 1. september. Bildet er frå Førdefestivalen i 2017. Foto:

Det vart klart då kulturminister Abid Raja la fram nye reglar laurdag.

DEL

Sidan april har det vore forbode med idretts- og kulturarrangement som ikkje kan ivareta kravet om tryggleiksavstand og grupper på maks fem personar.

Det vart også sett eit forbod mot arrangement som samlar meir enn 500 personar. Laurdag vart dette forbodet forlenga til 1. september, skriv VG.

– Det har vore eit stort påtrykk frå festivalarrangørar, konsertarrangørar og idrettsarrangørar om å forby arrangement og at beslutninga frå regjeringa må komme fortast mogleg, seier Raja.

Kulturministeren varslar også at avgjersla om arrangement for færre enn 500 personar er venta torsdag neste veke.

Artikkeltags