Olaug Nilssen med ny bok

NY BOK: Olaug Nilssen gir oss eit innblikk i bokbransjen i den nye boka som blir lansert denne veka.

NY BOK: Olaug Nilssen gir oss eit innblikk i bokbransjen i den nye boka som blir lansert denne veka. Foto:

Av

Førde-forfattaren har brote tabu før med bøkene sine- no er ho klar med ny lansering.

DEL

Den nye boka til Olaug Nilssen, «Ikkje tenk på det», er klar for lansering 16. mai. I boka får vi eit innblikk i kjende og ukjende sider ved litteraturbransjen.

Boka er ei satirisk forteljing om bokbransjen fortalt i seks scenar. Gjennom forteljingane får vi eit innblikk i fleire aktuelle debattar i litteraturbransjen. Mellom anna pengedrivet, nettverk, #metoo og kritikarstanden og kulturmannen, med den fiktive forfattaren Oddlaug Nilstun som hovudperson. I boka er ho nytilsett i marknadsavdelinga i eit forlag, etter at skrivinga har gått i stå.

Olaug Nilssen har tidlegare hatt suksess med romanen «Tung tids tale» som hadde eit opplag på 40.000. Gjennombrotsromanen «Få meg på, for faen» kom i 2005. Begge bøkene har brote tabu, både kring ung seksualitet og det å vere mor til eit annleis barn. Den nye boka er annleis enn det ho tidlegare har skrive, ei uhøgtidleg farse om bokbransjen.

– No forstår vi foreldra våre betre

Olaug Nilssen rørte Kronprinsessa og statsministeren med boka om sin autistiske son


Artikkeltags