Det skriv Havyard i ei pressemelding.

Administrerande direktør ved Havyard Leirvik, Tor Leif Mongstad, trur dei må ha verdsrekorden i oppstart av slike båtar.

– Eg trur ikkje det er nokon som kan måle seg med oss når det gjeld oppstart på denne typen båtar. Vi har lært mykje undervegs og tør seie at vi er ekspertar på brønnbåtar.

Raskt og godt

Håkon Bosdal har vore prosjektleiar på «Åsværfjord». I tidleg fase, då skroget kom til verftet, blei prosjektet påverka av koronapandemien, men etter kvart har det blitt arbeidd både raskt og godt, skriv Havyard.

– Vi leverer etter planen og dei som har vore med i prosjektet har gjort ein kjempeinnsats. Ikkje minst vil eg framheve oppstart av systemet for fiskehandtering. Der har det gått fortare enn vanleg, og det er godt gjort for slike avanserte og samansette system.

Bosdal peiker også på velfungerande samarbeid både med underleverandørar og reiarlaget. Over tid har Havyard Leirvik blitt godt kjende med dei tilsette i tidlegare Norsk Fisketransport og no Frøy.

Meir fiskevelferd, mindre utslepp

Havtrans-serien er ein designserie frå Hav Design som set standarden for mellomklassen av brønnbåtar i næringa.

«Åsværfjord» har ein kapasitet på 3.250 kubikkmeter fordelt på tre runde tankar. Dei runde tankane gjer at båten kan frakte meir fisk samtidig som fiskevelferda aukar med rolegare fisk og høgare overlevingsgrad.

I tillegg er skrogforma slik at båten går lett og kuttar både utslepp og kostnader til drivstoff.

Når «Åsværfjord» no forlèt verftet, går Havyard Leirvik for alvor inn i ein ny fase der det blir satsa på ombyggingsoppdrag og reparasjonar.

Klare for service og ombygging

Tor Leif Mongstad framhevar i pressemeldinga at verftet har god plassering og innebygd dokk, som gjer at de kan utføre tradisjonelt sommararbeid også om vinteren. Verftet har rett bemanning og kan utføre ulike typar oppdrag av reparasjonar, vedlikehald og ombygging.

– Vi har levert positive resultat på prosjekta vi har hatt og får gode tilbakemeldingar frå kundane. Vi blir målt på kvalitet og på tida vi bruker på å gjennomføre jobben.

Havyard Leirvik står solid plassert i det grøne skiftet med ein sterk posisjon innan havvind og batteriferjer. Dette er referansar som kjem godt med også i marknaden for reparasjon og ombygging.

Skipsbygging er ingen enkeltprestasjon, men lagidrett. Alt må fungere i et optimalt samspel, og vi har levert så mange forskjellige typar båtar at vi nå har mannskap til å dekke alle posisjonar på banen. Vi har derfor stor tro på at vi skal kunne bygge opp et godt service- og ombyggingsverft.