Bruløysing ved Førdehuset – rett fram eller rett «vest»?

MEIR ENN KRYSS: – Viss ikkje politikarane i Førde skjønar at dette handlar om langt meir enn gode, trafikale løysingar, den eine eller andre brusorten, T- kryss eller rundkøyring, utbygging av bustadområde eller verdien av ei utsliten kunstgrasbane – ja, då går det rett «vest» og då får Førde sitt «Helge Ingstad-havari», skriv Oddvar Flataker.

MEIR ENN KRYSS: – Viss ikkje politikarane i Førde skjønar at dette handlar om langt meir enn gode, trafikale løysingar, den eine eller andre brusorten, T- kryss eller rundkøyring, utbygging av bustadområde eller verdien av ei utsliten kunstgrasbane – ja, då går det rett «vest» og då får Førde sitt «Helge Ingstad-havari», skriv Oddvar Flataker. Foto:

Av
DEL

Meiningar

I Firda 2. mars er det reportasje frå bystyredebatten 28. februar i saka om brukryssing ved Førdehuset.

Firda skriv: «Eit fleirtal på 16 mot 11 røyster har bestemt at Statens vegvesen skal jobbe vidare med det alternativet der vegen går rett fram frå Storehagen».

Til ettertanke – dette er det same linjevalet for bruløysing, som Statens vegvesen har i sitt tidlegare alternativ 3. Det alternativet blei som kjent «lagt daudt» grunna motsegn frå NVE og Fylkesmannen. Grunnen til motsegn er at alternativet legg opp til utfylling i elva, noko som vil føre til vesentleg hindring for vass-gjennomstrøyminga. Ein treng ikkje vere «rakettforskar» eller hydrolog for å forstå det? Burde vi ikkje kunne forvente at Vegvesenet også forstår korleis vatnet flyt – ikkje berre korleis trafikken flyt?

No har altså har Vegvesenet «te´kje te vet», og lagt fram eit forslag som medfører at ein må finne tekniske løysingar på bruval, støttepilarar, bruforankring og fundamentering av veg i det sårbare området ved elvekantane. Til samanlikning har dei to andre køyrebruene i området, Langebrua og Storehagen bru, høvevis tre og to pilarar ned i elva, bruforankringane er av betong og plasserte heilt i elvekanten. I desse dagar står to store gravemaskiner ute i elva og grev i elvekanten mellom bruene, for å lage gangveg langs elva. Det er vanskeleg å forstå anna enn at det også må vere mogeleg å gjere inngrep i elva for å få til ei god bruløysing ved Førdehuset.

Det som ikkje er så bra – er at Vegvesenet no har teikna eit overdimensjonert T-kryss inne på idretten sitt område. Her må dei «ta te vet» igjen! Det må vere mogeleg å få til eit T-kryss nærare brufestet, slik at ein ikkje kjem i konflikt med kulturen og idretten sine interesser.

Eg har stilt spørsmål ved Vegvesenet si dømmekraft. Derimot har eg tiltru til politikarane i Førde sin klokskap og sitt gode skjønn, når dei seinare endeleg skal bestemme utforming på bru og veg.

Vel ein det overdimensjonerte T-krysset inne på idretten sitt område, ja, så blir det eit kursval som fører rett i fjæresteinane. Førde vil då få sitt «Helge Ingstad-havari», er det nokon som har sagt ... Hadde forresten Asbjørn Steen vore kaptein og stått ved roret, hadde vi etter trygg kurs segla etter forbi denne stygge «paddemarka», som det heiter hos båtfolket.

Behovet for kunstgrasbana er gjort til eit vesentleg tema i saka. Viss det er slik det går fram av Firda, at det i saksutgreiinga er konkludert med at skulane «klarer seg med ei 9-ar bane», ja, så har ikkje politikarane fått fortalt sanninga. Alle skulane har ikkje fått spørsmål om dei «klarer seg med ei 9-ar bane», så den konklusjonen kan ikkje trekkjast. Ved mange høve er det fire skular som brukar uteområdet samstundes – så korleis sakshandsamaren kan trekkje ein slik konklusjon, er ei gåte.

I alle høve er det ein mangel ved saksutgreiinga, at Førde IL sine planar for stadion ikkje er teke med, og at idrettslaget ikkje er høyrd i saka. Førde IL har på ein profesjonell måte fått utarbeidd planar for eit framtidig stadionanlegg, der begge banene og tribunebygg er med. Ein 3D-film ligg ved som illustrasjon. Eit slikt anlegg kan bli ei flott vidareutvikling av Førdehuset og Sentralidrettsanlegget.

Ein kan tenkje seg eit vidt bruksområde; vidareutvikling av Førdefestivalen, utekonsertar av ulik storleik, arena for store salsmesser, næringsareal og klyngeløysingar for småverksemder innan kultur, idrett og helse, klubbhus for ulike idrettar, kontor med fellesfunksjonar for frivillige lag og organisasjonar. Kva ei «Heimebane» vil ha å bety for den største idretten – fotball, er så innlysande at eg «gidde» ikkje ein gong å nemne det – dessutan har Arne Helgheim tidlegare i Firda skildra det på ein glimrande måte.

Så difor handlar dette valet som politikarane skal gjere, ikkje først og fremst om behovet for ei utsliten 11-ar bane eller trafikkflyten gjennom eit overdimensjonert T-kryss. Det er eit val for framtida – eit val for den einaste, framtidsretta lokaliseringa av eit samla anlegg, som ber i seg visjon om samarbeid der kultur, idrett og næringsliv kan utvikle seg saman.

Det er positivt at politikarar og næringslivstoppar stiller på festdagar i idrettssamanheng – slike som vi har hatt i Seefeld no, men vi treng også deira støtte når vi må spytte i nevane og ta eit tak i idrettskvardagen. Planarbeidet for Sentralidrettsanlegget er på langt nær ferdig, og den vidare prosessen må vere eit samarbeid mellom idretten, politikarar og næringsliv.

Leiaren i Førde IL, Tor Starheim, har uttalt at denne kampen tappar han for krefter, og han har invitert «motstandarane» av dei vedtekne planane til å ta over hans verv.

Viss ikkje politikarane i Førde skjønar at dette handlar om langt meir enn gode, trafikale løysingar, den eine eller andre brusorten, T- kryss eller rundkøyring, utbygging av bustadområde eller verdien av ei utsliten kunstgrasbane – ja, då går det rett «vest» og då får Førde sitt «Helge Ingstad-havari». Då veit eg at det vil vere behov for mange «lekterar og hestekrefter» for å løfte dugnadsånda i idretten i Førde på kjøl att. Kven av politikarane vil då sjå Tor Starheim og andre dugnadsarbeidarar i idretten i auga?

Så, gode politikarar, gjer kloke val i endeleg utforming av bru og veg – ver «fandens advokat» når det gjeld Statens vegvesen – vi har respekt for at dei har fagkompetansen, men de har heilskapssyn, skjønn og dømmekraft. – Så kan vi også i framtida ta eit tak saman i idrettskvardagen, sjå kvarandre i auga og dele høgtidsame opplevingar på idrettsbana.

Skriv ditt lesarbrev her «

DELTA I DEBATTEN! Vi oppmodar lesarane til å bidra med sine synspunkt, både på nett og i papir

Artikkeltags